Møre og Romsdal fylkeskommune har nynorsk som administrasjonsspråk. Det forpliktar både fylkeskommunen og dei vidaregåande skulane i fylket til å legge godt til rette for at elevane kan velje nynorsk som hovudmål.

Mange elevar med nynorsk som hovudmål i grunnskulen skiftar til bokmål i den vidaregåande skulen. Sjølv om den einskilde eleven kan velje målform, er dette språkskiftet illevarslande for nynorskfylket Møre og Romsdal.

Det er ulike grunnar til dette språkskiftet. Vi vil m.a. peike på følgjande:

  • Elevane møter langt meir bokmål enn nynorsk i storsamfunnet

  • Det er stor mangel på læremiddel på nynorsk, særleg digitale læremiddel

  • Mangelen på nynorske læremiddel er særleg stor i yrkesfaga

  • Sentralisering og elevvekst i byskular og bynære skular

Stranda mållag vil understreke at i følgje opplæringslova har skuleeigar ansvar for at rettane til god språkopplæring og læremiddel på nynorsk blir følgde i praksis. Retten til læremiddel gjeld uavhengig av kor mange elevar som brukar nynorsk ved skulen.

Stranda mållag støttar på det sterkaste forslaget om at Møre og Romsdal fylkeskommune utarbeider ein skulemålsplan som legg betre til rette for at elevar med nynorsk frå grunnskulen held på hovudmålet sitt også gjennom den vidaregåande skulen. Arbeidet må prioriterast. Godt kvalifiserte norsklærarar er viktig i denne samanhengen.

Det kviler eit særleg ansvar på byskular som tar imot elevar med nynorsk som hovudmål frå grunnskulen.

Stranda mållag meiner vidare at det er gode grunnar, også språkpolitiske, til å halde fast på ein desentralisert struktur for dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal.