Kommunestyra i Stranda og Sykkylven forhandla vinteren 2019/2020 om samanslåing. Forhandlingane førte til semje om ein intensjonsavtale. I båe leirer var det stemning for å gå vidare med sikte på å gjere to små kommunar til ein større og betre kommune for innbyggjarane.

Uavklara situasjon kring arbeidsgivaravgifta gjorde at prosessen stansa opp. Frå og med 2022 er imidlertid både Stranda og Sykkylven i sone II med ei avgift for verksemdene på 10,6 prosent. Dermed er det hinderet rydda av vegen.

Målsetjinga med intensjonsavtalen var å søkje det beste for næringslivet og innbyggjarane, tenkje langsiktig (30 år eller meir), og leggje strategiske føringar for fellesnemda som skal jobbe fram mot ein felles kommune frå 1. januar 2024 – når kommunestyra har fatta vedtak om samanslåing.

Eg har flytta frå Bergen til Stranda, og opplever både Stranda og Sykkylven som gode lokalsamfunn med potensiale for vekst og utvikling. Arbeidsløysa er låg, og her som i mange andre kommunar er det trong for arbeidskraft. Samstundes er kommuneøkonomien prega av at drifta er dyr. Med relativt høg gjennomsnittsalder i befolkninga vert utfordringane store.

Ein rekkje rapportar og ekspertutval har dei seinare åra kome til same konklusjon: Små kommunar strevar med å skjøtte dei lovpålagde oppgåvene. Dei har små og sårbare fagmiljø og slit med å få tak i rett kompetanse. Såleis vert tenestetilbodet dårlegare.

Dei små vert heller ikkje større av seg sjølve. Dei siste 30 åra har fleirtalet av distriktskommunane i landet krympa, og forgubbinga held fram. Innan 2050 vil ein tredel av innbyggjarane i mange distriktskommunar vere over 67 år, medan mange i yrkesaktiv alder har flytta til byane eller større kommunar.

Spørsmålet mitt til dei som forhandla fram intensjonsavtalen mellom Stranda og Sykkylven er enkelt: Kva skjer? Har iveren til den nye regjeringa om reversering av kommunereformen lagt lokk på planane om samanslåing? Eller vert det no teke initiativ for å få liv i prosessen? Og kva meiner dei politiske partia i kommunane framfor kommunevalet neste år? Køyr debatt!