Nyss fortel at Eva Årnes høyrde dunkelyd om natta 28. april i hytta på Fjellsætra i Sykkylven. Om morgonen undra ho seg over at tusenvis av levande meitemarkar låg spreidd utover snøen i hytteområdet. Trond Haraldsen ved NIBO har fortalt om liknande funn på fjellet Rundemannen i Bergen i 2015. Prof. emeritus Christer Erséus ved Göteborgs Universitet stadfestar at meitemarkane likna på Dendrobaena attemsi, som ikkje er funne ved eldre registreringar i Noreg. Meitemarkforskar Carl Stöp-Bowitz hadde heller ikkje desse på artslista over norske meitemarkar i 1969.

Haraldsen meiner at meitemarkar kan trekke opp frå jorda ved snøfall. Kanskje kan dei klatre opp i tre i låglandet og vert førde av vinden til snødekte område i høgare terreng, der dei fell ned saman med snø. Dette kan forklare teorien om meitemark på islagt vatn.

Teorien samsvarar ikkje når det regnar ned froskar, padder og fisk

Den 22. februar 1861 regna det ned fisk i Singapore. I 1877 fall det ned små ormar, eller makk i Christiania. I 1892 regna det ned padder forskjellige stader i Frankrike. I 1973 regna det ned meir enn 10.000 froskar i det franske området Bugnoles. I juni 2009 regna det ned over hundre padder på et lite område i Japan. Telegraph.co.uk opplyste at det var padderegn også i dagane etterpå. Den 30. desember i 2021 regna det ned fisk i Texarkana i Texas.

I Marksville, Louisiana regna det ned fisk over ei 350 meter lang og 25 meter brei stripe. Området Lajamanu 550 km sørvest for byen Katharine i Australia er milevis frå vatn, og vert ofte herja av tørke. I 1974 og i 2004 skapte området overskrifter då regnver førde med seg kvite fiskar. Dei var levande då dei trefte bakken. Ei fotballbane måtte plukkast fri for fisk.

Lluvia de Peces er Fiskeregnfestival i Honduras

Eit årleg metereologisk fenomen i mai-juni gjennom det siste århundre, har ført til at byen Yoro i Honduras tok til å arrangere Fiskefestival frå 1998. Fenomenet tek til med mørke tunge skyer som lagar lyn og torden, og kraftig nedbør i 2-3 timar. Når regnet er over, ligg hundrevis av fisk på bakken, og vert brukt til matlaging.

National Geographic og The History Channel i USA utforska fenomenet på 70 talet. Dei fann at all fisken hadde nær same lengd på 15 cm. Og at fiskane var blinde.

Ekspertar kom til at den blinde fisken må leve i elvar og underjordiske tunnellar som aldri vert utsett for dagslys. Men, det er ikkje funne slike elvar eller tunnellar i området. Eit TV-team som dokumenterte fenomenet i 2006, fann heller inga løysing.

Ei religiøs historie fortel, at fenomenet tok til etter at den spanske katolske presten Josè Manual Subirana besøkte området i 1856-1864. Han såg så mykje fattigdom, at han bad til Gud i tre dagar og tre netter om eit mirakel, som kunne hjelpe det utarma folket med mat.

Religiøse historier om liknande fenomen er også i bibelen og 2 Mosebok

Gud straffa Farao og hans landområde i nokre dagar, med plutseleg store mengder av kravlande froskar, utanfor og inne i hus, kjellarar, matforråd, kjøkken, soverom, og endå til i sengane.

Biolog Karstein Erstad var på skitur i 2015 ved fjellet Rundemannen i Bergen. Han oppdaga dei tusenvis av meitemarkar som låg spreidde oppå nysnøen over eit stort område, langt frå vegetasjonen. Snøen var minst ein halv meter djup, så dei kan ikkje ha klart å krype opp gjennom den, sa Erstad. Teorien om at meitemarkane kryp opp gjennom snøen, vart då også mindre logisk etter at vekebladet Allers i 1957 skreiv om meitemarkar som låg utover eit islagt vatn i Sverige.