Etter at Bjørn Utgård og Ragnar Kaland stilte spørsmål til politiske leiarar eng. det kommunale legesenteret, har både Frp, Høgre, Ap og ordføraren svart. Det vart stilt spørsmål både om prosess, og økonomi. Svara som har blitt offentliggjort i Nyss, er såpass upresise, og direkte feil, at eg velger å kommentere dei.

Sjølv om ordføraren gjekk i bresjen for å opprette kommunalt legekontor, svarte han knapt på spørsmåla. Da er det ikkje så mykje å kommentere. Høgre har ein heilt presis framstilling av prosessen, med først vedtak i legeplanen, deretter vedtak om å opprette kommunalt legesenter, og til slutt vedtak om å kjøpe det private selskapet Sykkylven legetjenester.

Det Høgre er litt upresise på, er legeplanen som vart godkjent først. Her skriver Høgre at ein einstemmig godkjent legeplan, opna for å opprette kommunalt legesenter. Da blir det skapt inntrykk av at det i det vedtaket ligger ei føring om at  kommunalt legekontor skulle opprettast. Legeplanen gav på ingen måte kommuna noko opning, som kommuna ikkje har hatt tidligare. Alle kommunar, også sykkylven, har til ei kvar tid opning for å endre driftsform på legekontor. Dette er uavhengig av legeplanen.

Otto Magne Strømmegjerde svarte på vegne av Ap, og her er mykje riktig, men også noko som er direkte feil. Arbeidarpartiet er motstandarar av private aktørar innan for både skule, barnehage, pleie og omsorg bla. Dette er dei ærlige på, og skal har respekt for det.

Otto Magne Strømmegjerde skriv at vedtaket om å opprette kommunalt legesenter vart gjort mot 2 stemmer, det er med respekt å melde feil. Otto Magne, som ikkje satt i kommunestyret den gangen, blandar her sammen to ulike saker. vi hadde først oppe sak 74 /18 som omhandlet kjøp av det private legesenteret. Dette vart avvist av eit fleirtal i kommunestyret, mot stemmene til Frp, Synnøve Ramstad, Petter Lyshol og Ole Kjell Eidem. Seinare behandla vi sak 75/18 som omhandla oppretting av kommunalt legekontor. Her Satte Ordførar Drotninghaug personlig fram forslag om å opprette kommunalt legesenter. Etter eit gruppemøte trekte ordføraren sitt forslag, og Anita Kjersem Sp sette fram eit nesten identisk forslag på vegne av Sp, SV, Krf, V, Ap, og deler av Høgre.

Underteikna sette fram forslag o, å ikkje opprette kommunalt legekontor, men heller forhandle fram ei løysing med det private legesenteret. Dette forslaget vart sett fram på vegne av Frp, Petter Lyshol, Synnøve Ramstad og Ole Kjell Eidem.

Vårt forslag fekk 9 stemmer, og forslaget om å opprette kommunalt legekontor fekk 20 stemmer. Seinare kom saka om kjøp av Sykkylven Legetjenester, og den saka vart vedteken mot 2 røyster.

Strømmegjerde skriv også at løysinga ligg i framtida, ikkje i fortida. At løysinga ligg i framtida er eg enig i, men den som ikkje er villig til å innrømme feil i fortida, og ta lærdom av dei, vil kansje ikkje finne gode løysingar i framtida.