Forvaltning, kapasitet og samarbeid innan legetenesta i Sykkylven kommune var namnet på rapporten etter forvaltningsrevisjonen av legetenestene i Sykkylven kommune. Rapporten kom i desember 2014, og la grunnlaget for den debatten og utviklinga som har gått i ettertid. Dei som ynskjer å lese rapporten kan Google namnet, og de finn han på nettsidene til kontrollutval.no.

Dersom du ikkje vil lese heile rapporten, kan du nøye deg med samandraget i byrjinga, eller ein kan lese siste kapittelet som heiter Konklusjonar og tilrådingar. Rapporten slo fast at drifta av legesenteret ikkje var i samsvar med lov og forskrift. Etter SV sitt syn då, og no, var det kommunen åleine som hadde ansvaret for lovbrotet, og måtte rydde opp i det.

I rapporten kan ein lese: “I Sykkylven kommune er det avtalen mellom kommunen og Sykkylven legesenter DA som har hovudfokus, og dei individuelle avtalane mellom kommunen og dei enkelte fastlegane er underordna.”

Kommunene har altså i strid med avtaleverket inngått avtale med eit firma, og gjennom det firmaet indirekte hatt avtalar med legane. Denne måten å organisere på, førte til eit nytt brot på forskrifta for utbetaling av tilskot. I rapporten står det:

“Basistilskottet skal utbetalast til den enkelte lege, slik det er regulert i ASA 4310, pkt. 8.1. I Sykkylven kommune har basistilskottet blitt betalt ut til Sykkylven Legesenter DA. (...) Det bør som hovudregel ikkje betalast ut basistilskott til legelause lister, og utan at det ligg føre dokumentasjon som viser at bestemte legar er valt av pasientar som har kome frå legelause lister.”

Men fanns det legelause lister i Sykkylven? Hadde ikkje alle i Sykkylven fastlege? Begge spørsmåla er enkle å svare på: Det var tre pasientlister utan fastlege i 2013, og det utgjorde 18,2 % av pasientane. Gjennomsnittet for landet var 0,8 %. Berre ein kommune i landet hadde fleire pasientar utan fastlege enn Sykkylven i 2013.

Alt var altså ikkje betre før, men for all del, mykje var bra.

Prosessen

Det var liten tvil om at kommunen, og dermed kommunestyret, måtte ta grep. Ei av tilrådingane i revisjonsrapporten var å opprette eit kommunalt legesenter. Det i seg sjølv trong ikkje vere kontroversielt, og med ein betre prosess er det ikkje sikkert det ville vore nødvendig. For samstundes måtte ein reforhandle avtalane med Sykkylven legesenter og kvar enkelt lege. Og her har det tydelegvis, i alle fall sett frå utsida, gått fullstendig i stå. Kva som faktisk skjedde, og kven som har ansvaret for det, veit SV like lite om som alle andre. Men konfliktnivået vart tydeleggjort for alle gjennom innlegg i Sykkylvsbladet, frå både politikarar og legar.

Når det gjeld prosessen SV langt på veg på line med Framstegspartiet. Det var ein uheldig prosess. Dei siste 10 åra av yrkeslivet arbeidde eg i eit offentleg organ med å forhandle og reforhandle hundretals avtalar med private leverandørar. Det viktigaste i slike forhandlingar er å etablere god forståing for standpunkta, og skape tillit til kvarandre. Då kan ein bli forlikte, og begge partar seie seg fornøgde etterpå.

Her var det liten tillit og forståelse på begge sider, og det var knapt nok ei glad mine etterpå. Ting kunne og burde definitivt vore gjort annleis. Kommunen skulle forhandle med menneske (legar) som hadde utført ei viktig teneste for innbyggarane, og burde vist storsinn og tillit når ein skulle forhandle om endra arbeidsvilkår. Hadde ein hatt eit slikt utgangspunkt, kunne ein kanskje nådd fram dit vi er i dag, men med mindre konflikt og betre resultat.

Skal legane vere kommunalt tilsette eller privatpraktiserande?

Svært mange legesenter rundt om i Norge er kommunale, og svært mange av legane er offentleg tilsette, nettopp fordi dei ynskjer det. Men samstundes arbeider det også mange private legar etter individuell avtale i dei kommunale sentra. SV er for offentleg tilsette legar, nettopp for at dei som ønskjer det skal få den muligheten. Vi ser likevel pragmatisk på dette. Vi må organisere til det beste for innbyggarane. For SV representerer ikkje dette synet noko endring, det har vi vist i organiseringa i mange andre kommunar rundt om i landet.

No er vi der vi er

SV vil heilhjerta støtte opp om tiltak og vedtak som vil forbetre legetenesta (og andre helstilbod) i kommunen. Det vert gjort mykje godt arbeid, og det er gode, og ikkje minst realistiske planar for korleis ein skal utvikle legetenestene vidare.

Det går føre seg eit godt rekrutteringsarbeid for å skaffe legar (sjølv om SV ikkje er med, men stemmer fleire på oss, så kan vi kome til der og). SV håper det går an å rette opp tilliten til dei legane som valde å pendle til Stranda. Eg pendla til Stranda i 27 år, men så lenge håper eg legane slepp å pendle. Og ikkje minst må vi få på plass eit legesenter med moderne og gode lokale, med tekniske løysingar som held framtidas standard.

Omorganisering og kostnadskutt

Eg vart fyrste gongen valt inn i kommunestyret i 1987, og sat i tre periodar fram til 1999. Så vart eg på nytt vald i 2019. Eg har dermed berre vore med på den siste halvdelen av soga rundt legesenteret, men har no snart 16 år bak meg i eitt eller anna kommunestyre. På spørsmålet om kravet til omorganisering og kostnadskutt skriv seg frå utgiftene til legesenteret, så trur eg det knapt nok har spelt inn. Ikkje i eitt einaste av desse åra har eg opplevd at det ikkje har vore krav i budsjettprosessen om omorganisering og kostnadskutt.

Men med dei utfordringane som ligg i organisering av eldreomsorga og dei breie helsetenestene, så må vi vere på vakt mot ei omorganisering som svekker tilbodet til eldre og sjuke framover. Vi har gjennom dokumentprogramma i NRK fått dokumentert til fulle at eldreomsorga balanserer på ein knivsegg. SV skal i alle fall gjere sitt til at kjem oss trygt bort frå kvinseggen og til fast grunn.

Så får vi håpe at vi i framtida får ei regjering som forstår at ein ikkje kan strupe kommunane økonomisk, for det er i kommunane tenesteproduksjonen skjer. Utan SV sine krav og innsats i budsjettforhandlingane på Stortinget, hadde det sett langt verre ut enn det gjer. Og den kampen skal vi halde fram!