Det er skammeleg å behandle dei eldre i Stranda slik SP og fleirtalet gjer. Greinelause er dei dramatiske kutta i eldreomsorga, samt beskjeden om snarleg nedleggelse av Solbakken omsorgssenter. Skam dokker, behandle dei eldre i Stranda på denne måten. Er dette takka dei skal få for å ha bygd opp den flotte bygda og samfunnet vi har? Ordførar Jan Ove Tryggestad, kvar har du egentlig blitt av? Kvifor kuttar du og SP mellom 10-15 millionar kroner i eldreomsorga, samtidig som kommunen tek inn like mykje årleg i eigedomsskatt?

Kvifor godtar du og SP at rådmannen kan heilt utan vedtak, gje beskjed til dei eldre at Solbakken omsorgssenter skal leggjast ned neste år? Samtidig har de råda til å bruke millionvis av kroner på fylkeskommunal ferjekai på Hellesylt, og ny branngarasje i Geiranger til 60-80 millionar kroner? No forventar eg at både ordførar og SP som styrar kommunen, startar umiddelbart med prosjektering og bygging av ny sjukeheim på Stranda. Eg forventar og at dei eldre i Stranda kommune blir behandla med verdigheit og med respekt, og at dei lovpålagte tjenestene faktisk blir prioritert, ikkje kutta og rasert slik som no. Og, kvar er resten av kommunestyret? At SP sine representantar set pikkandes stille og dansar etter ordføraren si pipe er ein ting, men, kva gjer dokke på i Høgre, KrF, AP? Er det ingen av dokke som bryr seg om dei eldre i kommunen lengre? Ein kan jammen stille spørsmålet! Eg utfordrar dokker på: Stopp nedlegginga av Solbakken omsorgssenter, omsorgsplassar skal ikkje endrast før ny sjukeheim på lånamarka står ferdig.

Stopp kutta innan pleie og omsorg og skrot dette hjelpeslause RO styret, som er heilt ut av kontroll.

Dei fleste andre kommunar bygg helsesenter, samla tjenestene, og såleis styrkar tjenestene til dei eldre.

Stranda kommune skal sende dei eldre heim, heim til kva?

Lurer egentlig på om det har rabla fullstendig for nokon. Eldre som har fått omsorgsplass for ein grunn, skal sendast heim?

Tilbakefør dei 10-15 million kr som vart kutta innan eldreomsorg, pleie og omsorg. Greinelaus eldrepolitikk har vi ikkje bruk for på Stranda. No er det dei eldre sin tur til å blir prioritert i Stranda kommune!