Ap og Sp regjeringa loppar lommeboka til vanlege folk og næringslivet, gjennom skyhøge skattar og avgifter, skyhøg mat, straum og drivstoffprisar.

Som om ikkje dette var nok har Ap med Kjølmoen som næringspolitisk talsperson og Sp flådd næringslivet langs kysten i ein avsindig grunnrenteskatt samt ein urettvis formuesskatt som tappar bedriftene brutalt.

Konkursbølge rir landet akkurat no, og ein må tilbake til finanskrisa i 2008/09 for å sjå likandes tal, Ap og Sp i praksis.

Kjølmoen prøver seg på Oljefondet, det såkalla «pensjonsfondet».

Underteikna er ein av få i dette landet som faktisk har vore medlem i 12 år i det øvste organet i Noregs Bank.

Når eg kom inn i Noregs Bank i 2006, var Oljefondet på 869 milliard kr, når eg gjekk ut etter Max tid 12 år, var fondet på litt over 10000 milliard kr.

I dag er Oljefondet på svimlande 14. 250 milliard kroner, og sjølv om Kjølmoen ikkje forstår seg på Noregs Bank, burde han forstå at dei 27 milliard kroner Frp prioriterte å bruke på det norske folk, ikkje akkurat truga verken pensjonen eller anna i dette landet.

Dagens regjering med Ap og Kjølmoen samt Sp, har derimot teppelagt innbyggjarane og næringslivet med skattar og avgifter, skyhøg mat, straum og drivstoffprisar som loppar vanlege folk og næringslivet for mange titals gongar meir enn dei 27 milliardane FrP ville gje attende til vanlege folk og næringsliv.

Berre i ekstrainntekter til staten på skyhøg straumpris, har ein berekna over 90 milliard kr inn ekstra i statskassa i 2023, medan ein «gjev tilbake» i såkalla «straumstøtte» ca. 40 milliardar kroner.

Dette er regelrett røveri av folks pengar, og sikkert pengar som også kan omtalast som «pensjon» slik Kjølmoen framstiller det. Kvifor har AP tatt over 90 milliard kr frå vanlege folks lommebok i form av skyhøge straumprisar?

Går du på gata ei natt i Oslo Per Vidar, og så blir du rana av ein banditt for 1.000 kroner. Dagen etter treffer du banditten på eit kjøpesenter, og banditten vil gje deg tilbake 400 kroner. Du er framleis blitt rana, og banditten er framleis ein røvar? eller?

Det er dette dokker gjer i Ap og i regjeringa, tek urettvis inn ca. 90 milliardar kroner til statskassa frå det Norske folk og næringslivet i ekstra straumavgifter, og gjev ca. 40 milliardar tilbake.

Kvifor har AP og SP robba over 40 milliardar kroner frå straumkundane, vanlege folk og næringslivet?

Frp prioriterer, og vi ynskjer max pris på 50 øre per kwh, kraftige kutt i drivstoffavgiftene og erkjenner at landet ikkje har behov for å gå med meir enn 1.000 milliardar kroner i overskot per år.

Berre drivstoffprisane aleine driv dei fleste varer og tenester til himmels kostnadsmessig, som igjen driv kraftig inflasjonen opp.

Med Frp sin politikk hadde vi nok ikkje fått denne avsindige inflasjonen med dagens kraftige renteauke og problemet for vanlege folk og næringslivet.

Derfor tel vi kvar dag ned til neste Stortingsval i 2025, for Ap/Sp regjeringa skal raskast råd ut av regjeringskontora før dei øydelegg meir og køyrer heile landet og næringslivet i grus.