Tid til det viktigaste

KrF går til val på eit program som set menneskeverdet i sentrum. Vi meiner at alle menneske er like verdfulle. Vi vil arbeide for å sikre menneskeverd i alle livets fasar.

Vi bygg det politiske arbeid på den kristendemokratiske ideologien.

Vi ynskjer å utvikle eit godt lokalsamfunn som er prega av fellesskap, frivilleg engasjement og omsorg for kvarandre. Våre hovedfaner knytta til dette er

– trygg oppvekst

– ein god helse og sosialpolotikk

– ein verdig alderdom

Trygg oppvekst

Vi vil bygge samfunnet nedanfrå med familien som ramme for omsorg, verdiformidling, sosial læring og fellesskap. KrF vil gi valfridom for familien. Skule og barnehage skal ha gode rom for leik og læring med fleire vaksne som ser, gir omsorg, utfordrar og gir tryggheit. Vi ynskjer ein skule og barnehage med vekt på inkludering og nulltoleranse for mobbing. Vi vil ha eit trygt læringsmiljø for barn med ulike føresetnader og vil at leiken står meir sentral i første klasse. Vi vil ha ein handlingsplan mot barnefattigdom.

Verdig alderdom og ein god helse- og sosialpolitikk

Kvalitet, tryggleik, tilgang og omsorg må utgjere kjerneverdiane i helsetenesta i Sykkylven kommune.

Vi vil arbeide for ei god og stabil legeteneste i tenelege lokale i kommunen, vi må styrke eldreomsorga ved å nyttiggjere oss velferdsteknologi og bygge ulike butilbod med fellesfunksjonar for eldre.

Det er mange som slit med rus. Det er bra at Sykkylven er ein Av-og-til kommune og har eit aktivt forhold til å forebygge rusproblem, men vi kan gjere mykje meir. Vi må involvere alle arenaer der barn og unge er.

Frivilligheit

Ei styrking og anerkjenning av frivilligheit og innsats gjennom kyrkje, trussamfunn, kultur og idrett er viktig.

Vi vil støtte frivillige lag og foreiningar som driv arbeid for barn og ungdom. Kommunen må og støtte religiøst arbeid og legge til rette for eit godt samarbeid mellom heim, barnehage, skule, kyrkje og kristne frivillige organisasjonar.

Arbeids- og næringsliv

Trygge arbeidsplassar er eit viktig grunnlag for trivsel og utvikling av kommunen. SNU skal vere ein pådrivar i arbeidet med næringsutvikling.

Vi vil arbeide for at det blir lagt til rette for både nyetableringar og utvikling i både eksisterande og nye verksemder. Kommunen må ta inn fleire lærlingar.

Folkestyre, forvaltning og utvikling

Kristeleg folkeparti vil sette fokus på brukarorientering i den kommunale forvaltninga. Vi vil vidareføre arbeidet med å få ein god og berekraftig kommuneøkonomi som og gir grunnlag for å utvikle kommunen.

Sykkylven kommune må ta eit aktivt ansvar for miljø og legge til rette for at innbyggarane kan motiverast til å gjere det same.

Gode vegar er viktig for vidareutvikling av arbeids- og næringsliv i kommunen. Auka satsing på kollektive transportmiddel er viktig for bulyst i kommunen. KrF vil difor arbeide for å realisere Storfjordbrua med fergeavløysingsmidlar, godt vedlikehald og god brøyting av kommunale vegar.