KrF - Tid til det viktigaste

Familie og oppvekst: KrF ynskjer å innføre fritidskort for barn og unge. Dette vil gjere at færre dett utanfor om familien har trong økonomi. KrF vil framleis vere tydelege på at barn og unge treng stader å vere som er rusfrie. Særleg viktig er dette i kulturhus, idretts- og skianlegg. Saman med foreldra ynskjer vi å styrke det rusførebyggande arbeidet blant barn og ungdom.

Verdig alderdom: KrF vil arbeide for at Solbakken vert erstatta med nye omsorgsbustader, og at det vert gjort nødvendig vedlikehald i mellomtida.

Eit sterkt helsevesen: Det er viktig med gode helsetenester for alle. Styrking av heimetenesta og gode avlastingstilbod for demente bør prioriterast. Det bør leggast til rette for lærlings-plassar.

Bygge samfunnet nedanfrå: KrF vil legge til rette for næringsliv og landbruk. I alle bygdelag vil vi leggje til rette for bustadbygging. Det er òg viktig at private barnehagar og skular framleis får rettferdig vilkår. Frivillig arbeid har stor verdi for dei som vert hjelp gjennom dette og den som tek del. Det kristne verdisynet skal prege skule og utdanning. Å arbeide vidare med alternative energikjelder som el og hydrogen er viktig for å redusere karbonutsleppa. KrF ynskjer å stå for ei ansvarleg forvaltning av naturressursar gjennom planarbeid og leggje til rette for eit meir klimavenleg forbruk.

Det er viktig for oss som bor her, og for næringslivet, med gode og trygge vegar. Vi går inn for å prioritere trafikktryggingstiltak og opp-rusting av kommunale vegar. Det bør òg byggast gangveg Langlo-Ødegård og i Meieribakken på Ringstad. Elles er det viktig med ny fylkesveg Hellesylt-Grodås, rassikringstiltak ved Grande på fv 63 Geiranger – Eidsdal og heilårsveg Geiranger-Grotli. På sikt vil Storfjordsambandet med tunell Engeset-Hole gjere Stranda til ein felles arbeidsmarknad ikkje berre med Sykkylven men òg Ålesund.

KrF går inn for at kyrkja og kristeleg arbeid må få gode arbeidsvilkår. Det er òg viktig å yte midlar til drift og vedlikehald av kyrkjebygg og gravlundar.

Som representant for KrF ynskjer eg å vere ei representant for deg som bur her i kommunen, og særleg stå opp for dei som ikkje står opp for seg sjølv. Eg ynskjer òg å bidra til ein god tone i lokalpolitikken på Stranda.

Stem KrF - Tid til det viktigaste