Mine gode ven Alfred Holmberg skriv om Ørsneset då vi vaks opp, vi sa «Ørsnes-Ole», men han skreiv seg for Ole Aursnes. Så lat oss framleis seie Ørsnes.

Det verkar som om kranglefantane ikkje veit at eit nes, eit fjell eller ei elv kan ha to namn. Eit lokalt og eit «internasjonalt». Ørsneset er lokalt og tyder neset på venstre eller babord side, eit ord som høyrer til dialekten. Aursnes kan brukast av folk som bur meir perifert, til dømes i Ålesund.

På Syndalen seier vi Memorgshornet men på Nysætra Røvsdalshornet. På Stranda seier dei Brunstadtinden medan dei på Brunstad seier Sætretinden. Kvar side har sitt namn.

Vi seier Storelva lokalt, men dersom ein slår opp i det eldste leksikonet i verda Encyclopædia Brittanica står det at byen Bayeux «is situated by the Aure river». Vi er då i Normandie.

I Belgia er gatene skilta både på fransk og flamsk. Det same bør ein gjere her på berget, skilte med begge namna, Ørsnes og Aursnes. Det er ein menneskerett å kunne bruke dialekten sin.

Alfred bur i ei bygd som er sentral for samefolket og ein av dei tidlegare elevane mine er prest der og har oversett nytestamentet til sørsamisk.

Elles kan eg helse Alfred med at eg framleis er øyremerka etter sin skitur vi hadde i 1964 i 16 kuldegrader på Vassfjellet.