Eg er ein heldig rektor. På min skule er alle lærarane kvalifiserte. Og kva betyr det? Jo, det betyr at elevane, foreldra, og eg, kan vere trygge på at vi har eit godt skuletilbod, og ein trygg, føreseieleg opplæringsarena. Elevane har moglegheit til å lære, fagleg, sosialt og emosjonelt. Dei blir sett og dei kan lære seg å meistre liva sine, no og i framtida.

Uheldigvis er det ikkje alle rektorer som er like heldige som meg. SSBs tal for lærerkompetanse viser at det er over 16 % av årsverka i grunnskulen og over 20 % av årsverka i vidaregående opplæring som manglar lærarutdanning.

Kva betyr det? Jo det betyr at elevar ved slike skular ofte tek imot opplæring som ikkje held mål. Sjølvsagt kan undervisningspersonell utan godkjent utdanning klare å formidle og lære elevane det dei skal. Rektor er ansvarleg for all verksemd på sin skule, og det er ein heilt annan verkelegheit å ha fagpersonell i alle ledd, framfor ufaglærte. Og den viktigaste sikringa vi har, er at lærarane har utdanning!

Realiteten i norsk skule er at det manglar lærarar. Dei vil ikkje jobbe som lærarar, dei får for dårleg betalt. Eller kanskje enda verre. Dei vil ikkje utdanne seg som lærarar, dei får for dårleg betalt. Ved Høgskulen i Volda var det 13 studentar som starta opp på grunnskulelærarutdanning 1-7 no i haust. 13 stykker! Då seier det seg sjølv at sånne som meg kjem til å få store problemer med å sikre elevane eit godt læringsmiljø framover. Eg må seie eg er redd, på elevane sine vegne.

Ein skule med kompetente vaksne, for vi er også avhengige av andre yrkesgrupper enn lærarar, er ein skule som i stor grad kan organisere seg sjølv, planleggje sjølv, drive undervisning sjølv, oppdra elevane sjølv, kommunisere med foreldra sjølv og dokumentere elevane si utvikling sjølv. Utan slik kompetanse hadde veldig mykje meir av mi tid tid gått med til å rettleie og hjelpe, framfor å støtte, bidra og utvikle.

KS, arbeidsgivar for alle lærarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule, ser ikkje denne dimensjonen. KS ser ikkje at den viktigaste yrkesgruppa som kan bidra til at arbeidstakarar i framtida blir nyttige og produktive vaksne, er lærarane. Og det viktigast KS ikkje ser, er at det må koste litt. KS trur at lærarar er ei utgift. Politikarar i alle kommuner, det er de som styrer KS, få KS til å skjøne at lærarar ikkje er ei utgift, men ei investering!

Eg støttar lærarane i streikegrunnlaget, gi dei anstendig betalt, hvis ikkje mistar vi dei!