Tilsvar Einar Arve Nordang
«Hakk i plata» er tydelegvis Stranda FrP si måte å dekke over det faktum at partiet i kommunestyremøtet 24. mai berre stemte mot rådmannen sitt framlegg til revidert budsjett for 2023 og økonomiplan for åra som kjem. Sjølv om Steinar Aanning i svarinnlegget til meg i Nyss 9. juni prøver å fortelje noko anna, fekk ingen vite kva dei ville kutte i for å styrke eldreomsorg og oppvekst i kommunen.
Om ordførar Jan Ove Tryggestad etter at Stranda havna på Robek, hadde lagt til rette for ein prosess der partia hadde drøfta dei grepa kommunen må ta for å løyse dei økonomiske utfordringane på kort og lengre sikt, kunne kommunestyret ha fatta vedtak på tryggare grunn. Men i staden fekk vi «fem på tolv» eit framlegg prega av ostehøvel her og der.
Steinar Aanning meiner det hadde vore betre at Statsforvaltaren tok over styringa av kommunen. Det trur ikkje vi i Høgre hadde vore til gagn for innbyggjarane. Ein skal og hugse på at Stranda no skal rekruttere ny rådmann og økonomisjef. Kven ville ha teke desse jobbane i eit arbeidsmiljø med politikarar som kranglar så busta fyk og ikkje er i stand til å vedta eit lovleg budsjett?
Difor valde Høgre å stemme for, og vi har von om at Statsforvaltaren vil godkjenne vedtaket om budsjett og økonomiplan som lovleg fatta. Når FrP omtalar postar i budsjettet som «tenk på eit tal», bør dei merke seg kva to einingsleiarar i kommunen uttalar i same utgave av Nyss. Men vi kan likevel vere einige om at mykje er usikkert, og at det difor kan verte trong for justeringar i månadene som kjem.
Høgre meiner dei som stiller til val i lille Stranda kommune må finne løysingar på så vel dei store som dei mindre sakene i samarbeid med representantar frå andre parti. Det er slik demokratiet fungerar – utan trong for korkje giftarmål eller sengreiing. Ei stemme til Høgre er difor ikkje ei stemme til Sp, men ei stemme til ein ny ordførar og eit skifte for Stranda kommune. Vi står for ansvarleg økonomisk styring og ein framtidsretta politikk for innbyggjarar og næringsliv i kommunen.
Rådet vårt til FrP er å ta ei avgjerd på om dei vil vere med på å påverke utviklinga i kommunen eller halde fram som protestparti.