Den 2.11. 2022 gjorde det høgaste organet i Stranda kommune eit viktig vedtak. Dei sa nei til å overdrage kontrollen av Stranda Energi til Tussa Kraft. Eit arvesølv som kan vise seg å være meir verdt no enn nokon gong. Mykje meir!! Ein overdragelse som i tillegg er prisa før Ukraina og før straumprisane eksploderte. Mi personlege meining er at Stranda kommunestyret gjorde sitt kloke val på tross av dei fellene som var lagt ut for at medlemmane skulle snuble på oppløpsida. Eg trur beint ut at det har gått i ball for fleire av aktørane nede i Øyna for å finne ei kortsiktig løysing for å betale seg ut av den elendige økonomistyringa Stranda kommune har blitt til del siste åra. Det er akkurat no Kraftverket vårt har ein aukande verdi. Ein evigvarande verdi vi må forvalte med klokskap. Å gi frå oss kontrollen over Stranda Energi er som å kjenne den kortsiktige varmen når ein pisser i buksa etter å ha blitt tatt av eit snøras. Det blir endå kaldare etterpå.

Kva skjer med inntektene til Stranda Energi når Midt og Nord-Norge får Austlandspriser i tillegg til den generelle verdiaukinga eit kvart energiselskap i dag har? Og so vil ordføraren gi frå oss styringa til ein pris rekna ut i eit normalår før energimarkedet eksploderte rundt årsskiftet. I tillegg kom krigen til Ukraina 24. februar 2022. Ikkje rart Tussa er kåte på å innlemme Kraftverket vårt. Sjølv kjende eg pulsen auka og skjønte at no var det fare på ferde då eg registrerte at representanter i ledelse og styre i Stranda Enerigi bl.a. var ute offentlig før avstemminga på ein merkeleg overivrig måte før avstemminga. Slik at detirf eller mindre røpa innhalda nnhaldet i saken som skulle gå bak lukka dører. Med det til følge at det som i utgangspunktet var organisert som eit lukka møte likevel måtte gå for opne dører, heldigvis. Der rauk naturlegvis førehands-regiens viktigaste kort. Ellers hadde ikkje innbyggerane fått vite korleis det heile var regisert. Då ville vi heller ikkje fått vite at vi får inn 20-tals millionar dei nærmaste åra uansett. Kva skal vi då med dei 25 skambud-millionane Tussa freistar med som eingangssum. Kva skjer for eksempel med våre andeler i ein Tussa-emisjon i framtida? Kva skal vi ta pengane frå?

Eit slikt opplegg står seg kun når alt og alle er samstemte og godt «timet» slik at resultatet dei vil ha kjem utan sverdslag. Det greide dei heldigvis ikkje. Med god «hjelp» av sine eigne.

I oppfølgeren av dette burde det heller kome eit «benkeforslag» på om ikkje illojalitet burde få konsekvensar.

Som innbygger i Stranda bruker eg min naturlige og klare rett til å sei ka eg meina om dette:

Eg trur ikkje det heile er fundert på eit rasjonellt og for Stranda godt utgangspunkt. Då blir gjerne resultatet der etter.

Hadde ikkje folk på Ja-sida rota til planane som forelåg, so hadde ikkje dei som skulle stemme ikkje fått vite om millionutbetalingane som kjem uansett. Det er nesten som ein kan lure på om det ligg fleire lik i kommuneskapet i Stranda?

Ja-sida sitt opplegg med innleigde advokatar og andre ressursar er etter mi meining i skikkelig ubalanse i forhold til motpartsida.

Etter mitt syn ei stygg affære og ein direkte dårlig oppførsel i forhold til den avslappa tilliten ein i realiteten bør og skal ha til at Stranda kommune v/ordføraren ser til at både fòr og i mot har dei same vilkåra for å ta ei riktigst mulig avgjerd.

Derfor ber eg som innbygger at strandarane no forsøke å sette seg inn i den spesielle tida vi er inne i og den viktige økonomien som ligg i Stranda Energi som med stor grad av sannsynligheit vil gi gode inntekter til Stranda i nærme framtid og for våre etterkomera.

Vi står på dørstokken til Robekk igjen og det ville være rart om det skal være nærast eit one man-show som skal bestemme at vi skal gi frå oss dette.

Dette er ein so viktig del av Stranda si økonomiske sjel at måten ordføreren driv fram dette på virker rart! Om det knip, ville det beste etter mi enkle meining være å selge 49 % av aksjane i Stranda Energi for 285 mill eller meir. Behalde kontrollen over selskap og fallrettane og betjene gjelda og drift av sjukeheim, skule o.a. «berre med rentene vi ville få». Slik sett hadde det etter mi meining og for Stranda sin del vore greit å heller gi vekk Geiranger og Liabygda til Fjord. Då kunne vi kanskje få tatt vare på primæroppgavene i rett rekkefølge i forhold til tidligare vedtak. For eksempel ny sjukeheim på Solbakken og renovering av barneskule på Stranda. Begge disse låg ferdig vedtatt i Stranda kommunestyre i 2018/19. Lenge før branngarasje til 60 mill. i Geiranger, bruer og veier i tilknytning til dette, 5 millioner til kaiprosjektet for Knut Flakk ++, som eks. La for all del ikkje dette føre til at vi mista Stranda Energi også. Det kan bli vel mykje å svare for over for våre etterkomera.