Det har vore mykje fokus på eldreomsorga den siste tida, både nasjonalt og lokalt. Lokalt har det dreia seg mykje om rom for pleietrengande. Og rom er viktig. Alle som som ikkje greier seg heime lenger, må få plass i ein omsorgsbustad der dei får jamt tilsyn og pleie.

For å ha eit godt liv skal menneske ikkje berre ha ein plass å bu, men også noko som kan aktivisere. Det var også grunntanken då omsorgssenteret, som fekk namnet BUAS, vart planlagd og bygd for om lag 20 år sidan. BUAS står for BU- og AktivitetsSenter. Vi hugsar utgreiingane som danna grunnlaget for senteret. Her heitte det at sjølv etter at vi vert gamle og skrøpelege, og hovudet ikkje fungerer slik det gjorde før, har vi ressursar som kan aktiverast. Det krev tilrettelegging og innsats, men gjev meistringskjensle og trivsel for dei som får ta del i aktivitetane.

Vi veit at det før var tilsett aktivitør på BUAS – A-en i namnet vart teken vare på. Det same vart dei som fekk vere med og bruke hender og hovud på arbeidsstova. No veit vi at det er eit dagsentertilbod for dei som bur ute i bygda på BUAS. Men kva med dei som bur fast på BUAS, kva for aktivisering har dei?

Vi kjenner godt til kommunen sine økonomiske utfordringar, og vi veit at samansetninga av bebuarar har endra seg opp gjennom åra. Men uansett tilstand, alle har rett til å bli aktivisert utifrå sine eigne føresetnader. Eldrerådet har ved fleire høve teke til orde for å mobilisere frivillige for å styrke aktiviseringtilbodet for eldre og pleietrengande i kommunen. Har dette initiativet blitt følgt opp? Helsestyresmaktene har introdusert opplegget «Leve heile livet», som alle kommunar nå skal følgje. Det inneber mellom anna at frivillege skal inn og samarbeide med dei tilsette fagpersonane i kommunen. Nokon må koordinere dette frivillegarbeidet. Det har også kome fram ein ide om å starte eit demenskor i Sykkylven. Ein god tanke som fortener oppfølgjing.

Kommunen har ei viktig utfordring i å gje innhald til liva til alle dei som er så heldige å få rom på kommunens omsorgssenter. Fleire er villige til å bidra, slik at A- en i BUAS framleis kan stå med stor bokstav!