SkaparLINKEN er eit av dei viktigste tilskudda i sentrum på mange år. Eg representerer Droneakademiet som har vore leigetakar i SkaparLINKEN sidan oppstarten i februar 2022. I dag er det ventelister på både cellekontor og hotdesk, og det er stort behov for større areal. Eg undrar difor om den einstemmige beslutninga gjort av kommunestyret i juni i år, med å få inn Frivilligsentralen i resterande areal i 2. etasje er ei riktig avgjerd.
Ser ein i eit større prespektiv, vil ei utviding av SkaparLINKEN vere bedre bruk av arealet og bidra til eit meir levande sentrum. Forstå meg rett. Frivilligsentralen er eit betydningsfullt tilbod, men det må finnast eit meir eigna lokale som ikkje stansar ei viktig sentrumsutvikling.
Viktigheita av SkaparLINKEN og ringverknadane som blir skapte her er svært underkommunisert. SkaparLINKEN har sidan opninga ikkje berre bidratt til auka verdiskaping, innovasjon og nye arbeidsplassar, men òg auka bulyst.
I SkaparLINKEN finn vi både gründerar og personar med stillingar som på papiret kan utførast kvar som helst i landet. Lett tilgjengelege og fleksible kontorplassar i sentrum er viktige for å tiltrekke seg nye tilflyttarar og utflytta Sykkylvingar. Nye berekraftige verksemder og auka skatteinntekter til kommuna blir resultatet.
Uten SkaparLINKEN, Sykkylven næringsutvikling og omstillingsprogrammet, hadde Droneakademiet mest truleg blitt solgt eller flytta sentralt på Austlandet. I staden har vi fått ein fast tilsett og vil snart tilsette ein til.
Skaparglede er eit av fokusområda til kommunen, og SkaparLINKEN er ein viktig arena der idear blir skapte og realiserte. Eg håpar difor kommunestyret gjer ei riktig vurdering når ein no vel å ta i bruk eit areal, som eg meiner SkaparLINKEN sårt treng.