Nynorsk kan brukast kvar einaste dag.. Men ein dag er det ekstra viktig at så mange som råd er skriv nynorsk. Det er 12.mai, sjølvaste nynorskdagen.

Mållaga gjer stor stas nettopp på denne dagen. Den 12.mai 1885 vedtok Stortinget at dansk(seinare bokmål) og landsmål (seinare nynorsk) skulle vere jamstilte språk her til lands. Dette førde ikkje til at det vart språkfred i landet. Snarare tvert imot. Og debatten har vi framleis, noko som til fulle viser kor viktig språket er for folk - for personleg og lokal identitet.

Nynorsken står sterkt, ikkje minst i distriktet vårt. Du treng ikkje heite Jon Fosse og vere nobelprisvinnar for å bruke nynorsk, og for å vere stolt av det. Språket vårt er eit effektivt bruksspråk som passar over alt og i alle samanhengar.

For mange er det sjølvsagt å bruke nynorsk og den lokale dialekta. Det er bra. Hald fram slik. Denne dagen oppmodar vi dykk som sjeldan eller aldri bruker «heimemålet» til å gjere nettopp det. Oppmodinga går særleg til næringslivet i Stranda og Sykkylven. Både varer og tenester kan seljast og kjøpast på nynorsk.

Lukke til med nynorskdagen 12.mai. Saman fyller vi landet med nynorsk!