FN sitt berekraftmål nr. 1 frå 2016 er å utrydde fattigdom. Planen er at målet skal vere oppfylt innan 2030. Det er lite som tyder på at dette er oppnåelig. I dag er det stadig fleire vanlige folk i Norge som har økonomiske utfordringar. Dette skuldast sterkt stigande priser, aukande renter og ei uventa mangedobling av straumprisen. I Sykkylven delte frivillige ut matkasser til nyfattige i kommunen før jul. Det er flott at frivillige bidreg, men kva med regningane som skal betalast etter nyttår? Nordea i Ålesund fortel om pågang av folk som seier opp livsforsikringane sine, fordi dei ikkje lenger har råd til å behalde dei. NRK fortel at høge straumprisar gjer at kyrkjer må stenge, og at seremoniar som t.d. gravferder må flyttast.

Statsministeren gir krigen i Ukraina skulda for dei høge straumprisane. I så fall er dette force majeure, ein ekstraordinær situasjon som krev at regjeringa set i verk tiltak som bryt med dei gjeldande avtalane og planane. Straumprisen må ned. Elektrifiseringa må stoppast. Vi må få ein fast makspris på straumen, og det einaste rettferdige er at prisen er lik for alle. Dette haster. Det er foreslått ein makspris på 50 øre, men dessverre er regjeringa imot dette. Astrid Lindgren har sagt at når menneske med makt sluttar å høyre på folket, er det på tide å byte dei ut.

Den planlagde elektrifiseringa vil gjere oss 100% vêravhengige slik at vi i vindstille og nedbørsfatting periodar må importere straum. EU har eit folketal på om lag 450 millionar. Når EU manglar energi, blir kanskje det å importere så dyrt at vi må stenge ned industrien vår. Korleis kan Norge finne på å gjere seg så sårbart? Folketalet i Norge er på under 6 millionar. Om vi stenger ned all aktivitet i landet vil det ikkje ha målbar effekt på klimaet på kloden.

Norge er den einaste nasjonen som vil elektrifisere både oljeproduksjonen og bilparken. Elektrifiseringa blir gjennomført sjølv om Olje- og energiministeren vedgår at behovet for elektrisitet dermed vil auke kraftig, og samtidig gi høgare straumpris. Elektrifiseringa vil gjere olje- og gassproduksjonen ekstremt sårbar. Vi har fått beskjed om at Norge må bygge ut store vindturbinanlegg både på land og til havs for å dekke auken i el-behovet. Vindindustrien har eit stort erosjonsproblem. Det blir hevda at ein turbin kan avgi 60 kg mikroplast årlig, likevel skal vi bygge store turbinanlegg på havet. Turbinane inneheld fleire giftige stoff. Ein artikkel frå USA fortel at bønder legg ned drifta, fordi dyra etter kvart vart sjuke av fôret frå områda der det er vindturbinar.

Turbinvingane blir utsette for ekstra stor slitasje i vårt vêrharde klima med frost, hagl og snø. NVE har laga ein vegleiar for handtering av risiko for skade ved iskast i vindkraftverka. Det blir foreslått fareskilt og varslingsrutinar, fordi isklumper som fell frå turbinblada kan vere livsfarlige for både folk og dyr. På nettet ser vi at det enkelte stader blir brukt helikopter for å spraye glycolblanding på turbinblada for å avise dei. Turbinvingane må skiftast ut etter ca 20 år. Kvar skal dei utslitne vingane deponerast? Det blir sagt at vi vil få meir ekstremvêr, og då kan umulig vindturbinar vere det smartaste å satse på? Kva vil det koste å rydde opp etter eit eventuelt vindturbinhavari?

I Norge skal bilparken elektrifiserast, sjølv om det er advart om kritisk mangel på metall som kobolt, litium og nikkel til batteria i elbilane. Elbilar er ikkje eigna for norsk vinter, kulde reduserer batteria sin kapasitet. Elbilar kan ikkje bli med i kollonnekøyring over fjella i barskt vintervêr. Kommunar kjøper elbilar som heimesjukepleiarane skal bruke. Kva då om vi får straumbrot som varer over fleire døgn?

Oljenasjonen Norge treng ikkje å bruke mengder av verda sine knappe metallressursar. Nye fossile bilar er nesten utsleppsfrie. Kortreist fossilt drivstoff og gasskraftverk er meir berekraftig ressursforvalting  enn vindturbinfelta som er planlagde.

Folketalet på kloden har passert 8 milliardar. Vi var 4 milliardar for 50 år sidan, og i 2011 var folketalet 7 milliardar. Det blir snakka mykje om klima og ekstremvêr, men det faktum at kloden snart er overbefolka blir knapt nemnt. Forureininga aukar i takt med folkeveksten, og det blir stadig vanskeligare å dekke behova for reint vatn og nok mat. Det er forventa ein halv milliard fleire menneske fram mot år 2030. Vi veit ikkje korleis tilgangen eller prisutviklinga på importert mat vil bli. Vi veit heller ikkje om krigen i Ukraina vil slutte, eller om den vil spreie seg.

Norge sitt oljefond har ein marknadsverdi på omlag 12500 milliardar kroner. All investeringa i fondet er gjort utanfor Norge, og vi har inga sikkerheit for at desse verdiane kan hentast ut når vi treng dei. Kvifor set vi ikkje handlingsregelen på pause når det er krig i Europa? Vi treng å oppgradere sjukehusa og vegnettet. Behovet for bustader aukar når vi tek imot tusenvis av flyktningar, det same gjeld alle andre behov som desse folka har.

Elektrifiseringa vil rasere store naturareal. Eg håper at dei som styrer forstår kor viktig naturen vår er for vanlige folk, før det er for seint.