Avisa Nyss fortel at Martin Furseth har laga bok om vikingtida og Orknøyane. Med opplysning om at den mektige stormannen i Noreg, Ragnvald Mørejarl, kan ha hatt hovudsetet sitt i Sykkylven. Sonen Rolf Ragnvaldsson, med tilnamnet Gange Rolf, reiste til Normandie og vart hertug. Og stamfar til kongeslektene i England og det engelske kongehus. Ved interessante samkomer om dette temaet opp gjennom åra, har det spøkefullt blitt sagt at dronning Elisabeth burde ha besøkt Sykkylven og fødestaden til Gange Rolf.

Historiebøkene fortel at Gange Rolf budde på Fauske. Ein naturleg stad å bu når hovudsetet til faren var i Sykkylven.

Bevis via ”Jordneter”

For nokre år sidan skreiv eg vikingboka om Jomsvikingslaget, det største vikingsjøslaget i Norden. Og flytta dette frå Hjørungavåg til “Snorre si Primsingningsøy”, Raudøya. Eg fekk då innbyding om å besøke Gange Rolf sitt Normandi. Ved flyreise var vi over 40 personar frå Noreg som fekk stor oppleving i å få sjå kva Gange Rolf oppbygginga har ført til av daglege millioninntekter frå turistane.

Ved foredrag kom det fram at Danmark hevdar at deira Favske må vere det Fauske, som vert hevda å vere fødestaden til Gange Rolf. Men, i Normandi er der “Jordneter”, som Gange Rolf og hans folk hadde med frå Noreg og dyrka vidare. I Favske og Danmark var der ikkje “Jordneter” å ta med.

Under foredrag opplyste eg at historiebøkene informerer om at “Jordneter” var vanleg i Sykkylven. Der ein stad heiter Fauske. Det hadde ingen i forsamlinga høyrt om. Franskmannen Jean Renaud har skrive bøker om Gange Rolf. Då vi bytte bøker fortalde han at han hadde høyrt om Ålesund og Gange Rolf statuen der. Og var interessert i å besøke “Gange Rolf området”.

Under besøket var eg driftsingeniør for Siestamøblane og hadde reise til maskinmessa ved Ligna i Hannover. Media fortalde at Renaud besøkte Ålesund og såg på statuen av Gang Rolf, og at han var komen til Sunnmøre for å finne ut meir om Gange Rolf. Han vart godt motteken av kommunen Ålesund og Giske. Men Fauske og Sykkylven hadde han framleis ingen “Gange Rolf informasjon om”, då han var komen tilbake til Normandie igjen.