Stortingsrepresentant Per Vidar Kjølmoen (Ap) hevdar at Venstre «prioriterer vekk deler av Arbeiderpartiet og Senterpartiet sitt krafttak for billigere fergebilletter» og det høyrast utan tvil dramatisk ut (Nyss, 24.11.2022). Her lønner det seg å vere oppdatert og sjå nøye på tala før ein krisemaksimerer.

Slik som Kjølmoen legger fram saka kan ein bli svært bekymra for komande ferjeutgifter når ein bur i Sykkylven eller Ålesund og er nødt til å pendle på grunn av jobben. Det forstår eg godt. Her er det viktig å sjå nærmare på saka, særleg for oss som bur i Sykkylven. Venstre vil holde riksvegferjene på same nivå som i 2022. På samband som Aursnes-Magerholm og Hundeidvik-Festøya vil Venstre ha reduserte takstar på lik linje med AP/Sp-regjeringa. Dei minst frekventerte sambanda som Hundeidvik-Festøya til og med gratis. Ingen panikk, altså! Du kan trygt stemme venstre som yrkespendlar utan å frykte å bli våt på leggen.

Venstre er opptatt av å halde igjen på utgiftssida i sitt alternative budsjett, og foreslår litt mindre i samferdselsramma for ferjedrift enn det regjeringa gjer, men med det prøver ikkje Venstre «å stoppe Arbeiderpartiets satsing på billigere fergebilletter», men å prioritere annerleis enn det regjeringa gjer. Ei differensiert prioritering kan ikkje utan vidare seiast er det same som å stoppe noko. Eg kan bruke konkrete tal for å gjere det litt meir biletleg for folk flest som ikkje følger så nøye på regjeringa sitt budsjettforslag og Venstre sitt motforslag. I budsjettforslaget til Venstre blir det foreslått 15,2 mill. kroner mindre til billettprisar på riksveiferger på samferdselsramma. Med regjeringa i sitt forslag om tilskotet på 285 mill. kroner i år er dette enkel matematikk; det vil stå att 270 mill. kroner. Og om du les nøye så gjelder det kun riksvegferjer, og ikkje dei ferjesambanda vi har i Sykkylven. Sett på desse tala, som Kjølmoen forståeleg nok valte å ikkje gå nærmare inn på i innlegget sitt, så er Venstre sitt motforslag mindre farleg enn det han prøver å framstille det som. Venstre jobbar med distriktsvennlege briller på og Venstre vil oss (i Sykkylven) vel!