I ein situasjon der verda og Europa er i ei alvorleg energikrise, vil ei avhending av Stranda Energi As vere prikken over i’en av greinaløyse som nokon kan kome på.

Frå før har ordførar Tryggestad og SP godt hjelpa av rådmannen satt full fyr i pleie og omsorgstenestene for dei eldre i kommunen. Leggje ned Solbakken omsorgssenter har dei varsla å gjennomføre frå neste år. Dei eldre skal sendast heim, heim til kva? Eller kanskje sendast til Hellesylt og Geiranger?

Kommunen er på full fart inn i ROBEK med eit samla større underskot frå sist år, som kommunen ser ut til å vere sjanselause til å kunne dekke inn i årets drift. Kommunen tek inn svimlande 13-14 millionar kroner i eigedomsskatt, og har tømt alle fonda. Kassa er med andre ord tom.

Det kunne vore fristande å selje Stranda energi As, noko vi også i FrP har foreslått før. Hadde vi gjort dette då, kunne kommunen hatt mange hundre millionar kroner på bok. Derimot har tidene endra seg, og eit sal no er bortimot haudelaust.

Eg er sterkt imot dersom nokon i nær framtid skulle finne på ideen om å gje vekk Stranda Energi As på billegsal eller selje selskapet ut av kommunen, det ville vere århundrets tabbe.

I Norge har straumprisane gått til himmels. I sør-, aust- og vestlandet er magasinfyllingsgraden snart ned på null, og straumprisane på mange kroner per kilowatt. I Europa er det alvorleg straumkrise etter at dei har netta ned sine atom og gasskraftverk, og har gjort seg avhengige av norsk gass og kraft. Krigen i Europa og Ukraina er også sjølvsagt med på å forsterke kraftkrisa. I midt- og nord- Norge er straumprisane enda lave, men dette varer sjølvsagt ikkje evig. Prisane her kjem garantert etter analytikarane sitt syn til å jamne seg ut, og stige framover til eit nivå på lag med resten av landet og Europa.

Derfor er eigarskap av Stranda Energi As ei gullgruve å sete på, eit sal no eller det som verre er ville vere århundrets tabbe.

Verdien på Stranda Energi As vil kunne mangedoble seg på få år. Truleg vil eigarskap av rein fornybar energi vere meir enn gullkanta i framtida.

Drifta av slike energiverk vil vere lett å drive med større overskot i framtida, med svært så god avkastning til eigaren, innbyggjarane i heile Stranda kommune. Dersom det er nokon som har problem med å drive vårt eige energiverk, vil det neppe vere nokon stor kunst å finne nokon som faktisk kan klarar dette.

Eit sal no eller å «gje Stranda Energi As vekk» vil vere eit stort svik mot innbyggjarane i Stranda kommune, og vil ikkje kunne tilføre sårt trengte midlar til både pleie og omsorg, skular og barnehagar i framtida.