Skal det vere Riksem, Rikseim eller Riksheim spør Nyss avisa den 12. oktober.

Vi veit at Harald Hårfagre la under seg heile Noreg. Han hadde “sæte” på Lade i Trondheim. Med Jarlar og høvdingar på besøksplassar mange stader i Noreg.  For våre område hadde han Ragnvald Mørejarl å styre for seg, som kongen sin mann.

Når Ragnvald Mørejarl henta innsamla skattar til kongen frå besøksplassane, med mange skip og stort mannskap, var Sykkylven ein attraktiv besøksplass med sitt store vikinghus.

Eirik, eldste son til Harald Hårfagre såg nok, at det beste området å vere busett for han og mannskapet sitt langs kysten, var det attraktive Sykkylven. Med rikeleg tilgang på mat frå land, sjø og lakseelvar.

Eirik reiste tidleg på vikingtokt og hærferder. Til Danske område og i Østersjøen i tre år. Så Skottland og sjøområda mot Frankrike i fire år. Deretter nordover til Finnmark og Bjarmeland, som i dag er Russland. Etter sju år “i Viking” kom Eirik tilbake til heimplassen. Som naturleg vart kalla Eiriksheim. Per Arne Grebstad har fortalt om funnet av ein stor “ankerstein” som passar for Vikingskip, på det som i dag vert kalla Riksem, Rikseim eller Riksheim.