I debatten om legesenteret synest det viktigaste å vere å finne ut kven som er skuldige og uskuldige for det som er skjedd. Når vi vi så har fordelt skuld og uskuld, så skal vi – eller veljarane, fordømme og straffe dei skuldige.

Eg hugsar ei læresetning frå Bibelsoga på folkeskulen: “Den av Dykk som er utan skuld, kan kaste den fyrste steinen”. Trur vi skal tenke på det. Det gir oss rom for å sjå meir på korleis vi kan skape eit godt lege- og omsorgstilbod i framtida, enn å mase om ei fortid som ikkje kjem tilbake.

Valkamp

Krangel om fortida bør ha liten plass i valkampen fram mot kommunevalet. SV kjem ikkje til å gå inn i ein ørkeslaus debatt om skuld og uskuld.

Innanfor helse- og omsorgstenestene vil SV heller vere med på ein debatt der vi snakkar om korleis vi skal bygge og utvikle tenestene framover. Det er berre nokre dagar sidan Helsepersonellkommisjonen presenterte utgreiinga om helse- og omsorgssektoren i framtida. Konklusjonen er at verken spesialisthelsetenestene eller kommunane kjem til å mangle utfordringar i tida fram mot 2040.

Omorganisering

Og utfordringane føler vi på kroppen alt no. Derfor gir det håp at kommunen alt har starta ein omorganiseringsprosess, ikkje for å spare pengar, men for å utnytte ressursane betre. Krav om omorganisering av kommunale tenester, også helsetenestene, er ikkje noko nytt. Det er ein kontinuerleg prosess.

I Sykkylven burde det meste ligge til rette for eit godt samarbeid mellom dei ulike einingane innanfor helse- og omsorgstenestene. BUAS er lokalisert nært Legesenteret,  Legevakttenesta og barneverntenestene. Det er også fysioterapitenester i nærleiken. Her burde det vere godt rom for eit fruktbart samarbeid (eg seier ikkje at samarbeidet er fråverande, men det kan sikkert forbetrast).

Distriktsmedisinsk senter

Rett før jul fekk administrasjonen i kommunen i oppgåve å finne fram til/få hand om lokale som kan utviklast til tenlege lokale for å samordne og samlokalisere dei ulike tenestene. I mange kommunar, også kommunar på storleik med Sykkylven, er det utvikla distriktsmedisinske senter som gir eit breitt tilbod av helse-, lege- og omsorgstenester.

I nokre tilfelle er det flytta oppgåver frå sjukehusa til slike senter. Det er alt no eit samarbeid med Stranda om legevakttenestene, og det kan kanskje vere slik at eit distriktsmedisinsk senter kan tilby tilpassa sjukehustenester til innbyggarane i nabokommunen.

Tid for handling

Valkampen til hausten må handle om kva helse- og omsorgsteneste vi skal ha i framtida. Vi veit at det blir langt fleire eldre, og at behovet for hjelp i ulike former vil auke. Då må vi organisere tenestene slik at dei svarer på dei behova innbyggarane vil ha framover, og vi må organisere tenestene slik at dei svarar på behova i framtida.

Vi må handle slik at vi er klar for det som kjem, og skape og utvikle tenester som kan stå seg når vi skriv 2040. Svaret ligg ikkje i å snakke om dei tenestene vi hadde i 2010. Det veit vi ikkje vil bli godt nok.

Frå no av bør vi byrje å snakke om framtida!