Eg observerer at det både i Nyss og sosiale media florerer ein del usannheiter rundt politikken til Stranda Senterparti. Vi skal dei neste vekene leggje fram, og få vedteke, eit budsjett som er veldig krevjande. I krevjande tider blir folk skuffa. Skuffa over alt vi må kutta på, og skuffa over alt vi ikkje løyver pengar til. Det er tøffe tider, og det er ikkje kjekt å vere politikar når det må kuttast.

Det eg ikkje går med på, er at Frank Sve utelukkande skuldar på Senterpartiet. For å friske opp minnet til innbyggjarane i Stranda kommune, vart det i Frank Sve sine periodar som ordførar teke opp mange hundre millionar kroner i lån. Sve og FRP har vore med å vedteke store utbyggingar, og er minst like skuldig som oss andre i at vi har ei skyhøg lånegjeld. Med ei lånegjeld på over 800 millionar kroner, utgjer ei renteauke på eitt par prosent veldig mykje peng. Som Stranda kommune ikkje har. Difor må inntektene aukast, og oss må kutte for å få dette i balanse. Her meiner eg ein bør vere veldig forsiktig med å hive andre politikarkollegaar under bussen. Og heller vere framtidsretta og få rydda opp.

Slik at lesarane heller ikkje skal misforstå, skal det altså ikkje byggast ein brannbilgarasje i Geiranger. Det skal byggast ein blålysstasjon, der helseføretaket også skal inn. Denne nye stasjonen må følgje krav frå arbeidstilsynet, ikkje ei ønskeliste frå eit frivillig brannkorps. Eit brannkorps som frivillig står for sikkerheita til bygda, assistera helse, og bidreg i alle ledd. Langt frå næraste hjelpa. I sumarsesongen er over 10.000 personar dagleg innom bygda, i tillegg til smekkfulle hotell og campingplassar. Mange gangar fleire personar enn Stranda tettstad. Geiranger er ein av Noregs største turistdestinasjonar, med alt det medfører. Fortenar ikkje Geiranger ein godkjent brannstasjon? At eg gjentatte gonger må forsvare dette, provoserer veldig. Eg inviterer Frank Sve til å kome å sjå på skuret som i dag fungerar som brannstasjon.

Heile prosjektet er budsjettert med 66 millionar kroner. Og anboda som kom inn, er godt under dette. Dette inkluderer også ei bru, og tilrettelegging av eit heilt nytt byggjefelt, der sårt tiltrengde tomter kjem for sal. Det er heilt avgjerande for vidareutvikling av bygda Geiranger, som fører til fleire innbyggjarar, og igjen fører til auka skatt. Bru, utgraving og tilrettelegging utgjer ca. 20 millionar. Kommuna har også forhandla fram ein god leigeavtale med helseføretaket, som er godt med på finansieringa av bygget, og kjem på ca. 46 millionar. I tillegg kjem MVA refusjonen. Politiet er også invitert med inn som leigetakar, og tomter blir lagt ut for sal.

Dette er framtidsretta, og heilt nødvendig. Frå 01.01.23 lauper det dagsbøter som blir fleire 100.000 kroner årleg.

Dei neste vekene blir tøffe, og eg, som ein del av formannskapet, skal vere med på å gjere tøffe val. Dette skal eg gjere saman med andre politikarkollegaar, også frå FRP, som eg føler vi samarbeider utmerka med. I denne krevjande budsjettrunden, spelar det i alle fall inga rolle for meg kva parti ein tilhøyrar, men kva for tiltak vi saman kan gjere for å skåne innbyggjarane mest mogleg og gje alle lovpålagde oppgåver som forventa. Denne prosessen blir ikkje betre av at Frank Sve skal hive meg og Stranda Senterparti under bussen, istadenfor å hjelpe oss med å finne den beste vegen i ei krevjande tid, som nettopp Frank Sve har minst like stor skuld i at vi er i.