Tryggleik i fellesskap

Dette er noko av det Sykkylven Arbeidarparti ynskjer å arbeide for dei neste fire åra.

Styrka bemanning i helse og oppvekst

Ei av dei viktigaste samfunnsoppgåvene våre er å sjå til at alle born får ein god oppvekst. Skal ein klare dette er det viktig med nok og riktig bemanning i oppvekstinstitusjonane og -tenestene våre. Styrka bemanning vil redusere slitasjen på dei tilsette og føre til mindre vikarbruk. Dette er viktig for alle born, då særleg dei mest sårbare borna. Likeins er det i helsesektoren, styrka bemanning og kompetanse vil auke kvaliteten på tenestene. Dette kjem alle brukarane til gode, mest dei med store og samansette behov for kommunale helsetenester.

Nytt og framtidsretta lege- og helsesenter

Arbeidarpartiet vil understreke kor viktig det er å re-etablere legekontoret til nye lokale. Leigeavtalen for legekontoret i gamle Klokksfabrikken går ut om ikkje alt for lenge og vi har no ein gylden moglegheit til å få eit strategisk plassert legekontor i sentrum som kan levere moderne og effektive helsetenester.  Alt i nærleiken av apotek, buss, taxi, bibliotek og matvarebutikkar.

Alternative opplæringsarenaer i grunnskulen

Born er forskjellige, og har ulike behov. For dei som ikkje opplever meistring gjennom den ordinære undervisninga vil vi arbeide for auka satsing på alternative opplæringsarenaer gjennom heile grunnskuleløpet. Dette meiner vi vil styrke elevane sine moglegheiter vidare i livet.

Tilpassa bustader for unge og eldre

Vi vil arbeide for ein ny bustadpolitikk som i større grad hjelper unge menneske og ungeuføre utan moglegheiter gjennom dei ordinære bankane inn på bustadmarknaden. Dette vil vi gjere gjennom å utvide handlingsrommet til bustadselskapet så dei, åleine eller i samarbeid med andre, kan tilby bustadar til førehandssett pris øyremerka til førstegongskjøparar. Eit eksempel er «leige-til-eige».

Kommunen må til ei kvar tid nytte dei høva Husbanken gir til å hjelpe yngre og innbyggarar med låg inntekt til å kunne få lån til eigen bustad. I tillegg vil vi arbeide for at det blir bygd utleigebustader tilpassa denne gruppa.

Mange av husværa som blir tilbydde på eige- og leigemarknaden er utilgjengeleg for dei eldre, då dei ikkje er tilpassa menneske med funksjonsnedsettingar. Det er behov for både tilrettelagte ordinære bustader og omsorgsbustader for å stette behova til dagens og morgondagens eldre.

Satsing på lærlingar

Kommunen treng fleire tilsette for å levere tenester til innbyggjarane. Ved å opprette endå fleire lærlingplassar i alle sektorar, viser vi ungdommen at bygda har attraktive arbeidsplassar. Dette aukar også sjansen for at dei blir verande etter endt utdanning, i staden for å reise andre stader.

Næringsvenleg kommune

Ein aktiv næringspolitikk er viktig for å sikre lønsame, trygge og framtidsretta arbeidsplassar. Vi vil arbeide for gode rammevilkår for næringslivet. Kommunen skal vere ein aktiv partner og ha god dialog med næringslivet, noko som sikrar at kommunen heile tida har kunnskap om behova bedriftene har. Arbeiderpartiet vil også arbeide for at kommunen skal vere attraktiv for gründerar.