Frå 1 januar 2023 og inntil vidare har det blitt fjerna 4 avgangar i sambandet mellom Sykkylven-Magerholm med eit «pennestrøk». På dagtid er avgangane frå Sykkylven kl. 1030 og Magerholm kl. 1050 fjerna. På nattetid er avgangen frå Sykkylven kl. 0300 og frå Magerholm kl. 0320 fjerna.
I tillegg har eit Ekspertutvalg kome fram til det er behov for omfordeling av statlege middel til fylka med ferjedrift og dette vil igjen medføre eit millionkutt. Samferdselssjefen går ut i lokal nyheitene på NRK M og R og seier at konsekvensen av dette er at ein kanskje må redusere ferjetilbodet med opptil ein fjerdedel av det vi ser i dag. Dette gjeld alle samband og ingen vil bli skåna.
Blir dette gjennomført vil også sambandet mellom Sykkylven og Magerholm få ekstra kutt i tilbodet.
Konsekvensen av ytterlegare kutt i ferjedrifta er eit dårlegare tilbod for oss som er avhengig av ferje for å rekke fly, avtaler på sjukehus og andre offentleg/private institusjonar ein må ut av bygda for å kome til.
Pendlere, industrien og transportbransjen vil også få større utfordringar i ei tid der ein trenger gode føresetnader for å drive lønnsamt og overleve.
Dette er berre eit av mange ting som råkar oss på bygda.
Skal vi verkeleg godta at bygda vår og lokalsamfunn i fylket vårt sakte men sikkert bli bygget ned og at tilboda våre skal reduserast?