5. juni er verdas miljødag. I 50 år har FN markert denne dagen. No er tida i ferd med å renne ut for oss. Det er “kode raud” for kloden. Menneskets tidsalder ser ut til å bli tidsalderen der vi sagar over greina vi sit på. Prova ser vi rundt oss i overoppheting og ekstremvêr, tap av natur og artsmangfald, auka forureining, overforbruk og enorme avfallsmengder. Vi ser også konsekvensane i globale matvarekriser og flyktningstraumar.

Vi veit det alle. Vi har ingen planet B. Det positive er at det framleis er mogleg å bremse dei farlegaste klimaendringane. FN meiner vi framleis har sjans å snu. Men det hastar meir enn nokon gong. Vi treng kraftige klimatiltak, naturtiltak og tiltak mot forureining. FN understrekar at tiltaka må innførast av store aktørar; av styresmakter, finansinstitusjonar og andre med mynde til å endre politikken og innføre nye spelereglar. Vi kan gjere mykje som enkeltindivid, men det er i fellesskap, gjennom politisk handling, vi kan endre samfunnet.

Då er det uforståeleg kor motvillig og treg den sitjande regjeringa verkar vere i klima- og naturspørsmål. Klima- og miljøministeren vil til dømes ikkje signere den nye FN-traktaten for å avgrense plastproduksjonen i verda. Regjeringa vil ikkje gi opp ny oljeleiting, heller ikkje i dei sårbare nordområda, sjølv om funna bryt med 1,5-gradersmålet. Kommunalministeren vil, som ein slags misforstått distriktsstrategi, lempe på vernet av strandsona og allemannsretten, og hyttebygginga er ute av kontroll. Heller ikkje fjordane våre får det vernet dei treng. Saman med Papua Ny-Guinea, er Noreg einaste landet i verda som tillet dumping av giftig gruveavfall rett i fjorden. Det som skjer i Førdefjorden er ei skam.

Verda ropar på eit rettferdig, grønt skifte. Eit skifte der vi endrar både samfunnet og økonomien til å vere meir inkluderande, meir rettferdig og meir i takt med naturen. Det handlar om klimarettferd. Dei fattigaste i verda, som har bidrege minst til klimaendringane, er dei som lid mest av av konsekvensane. Vi må ta vår rettmessige del av rekninga.

Det handlar også om aukande ulikskap. Når den rikaste tidelen av verdas befolkning står for 50 % av verdas utslepp, kjem vi ingen veg utan kraftig omfordeling. Det er ikkje arbeidarklassen som står for dei verste utsleppa, det er luksus-utsleppa som må ned. Omfordeler vi betre, bremsar vi også utsleppa.

Vi har ingen planet B. Vi må berre klare dette skiftet. Men skal det skje raskt nok, må vi setje alle klutar til. Vi må gjere det i fellesskap. Det finst ei raud og grøn folkerørsle for dette. Ho heiter SV. Er du med?