I heile funksjonstida til Evelyn Omenås, som leiar av servicekontoret til Stranda kommune, har eg opplevd ein person som kan sitt fag, og som har forståing av verdien av å utøve det. Service har for henne hatt jamvel større betydning enn ordet service på kontordøra. Som journalist og redaktør har eg fått den informasjon eg har bedt om, og meint å ha krav på.

No er tenestetida ute.

Det er ikkje offentleg kjent korleis styringa av kontoret blir vidare. Eg har i alle høve ikkje fått med meg at stillinga har vore offentleg utlyst.

Servicekontoret har ein viktig funksjon for Stranda kommune og ikkje mindre for innbyggarane.

Derfor ser eg fram til eit svar på korleis kommunen har bestemt seg for å løyse funksjonen i framtida.