Dersom ein har time på sjukehuset, og har fått melding om at ein som følge av behandlinga ikkje kan køyre bil, er ein prisgitt å bruke buss. Når timen då er klokka 12.30 blir reisa slik:

  • – Gå til Sykkylven sentrum (15 min)

  • – 09.40 Bussavgang til Hundeidvik (!)

  • – 10.25 Ferge til Festøya

  • – 10.45 Ferge til Solavågen

  • – 11.40 Buss frå Solavågen

  • – 12.15 Framme ved sjukehuset

Og kvifor denne "amerikareisa" berre for å kome seg til sjukehuset, ein tur som tek ein knapp halvtime med bil, inkludert ferje? Jau, det er skuleferie, og då "trengst" det ikkje så mange bussar. Hadde det enda gått buss til Ørsneset slik at ein kom seg over fjorden, så er det flust med lokalruter på andre sida, men nei då.

Men ordnar ikkje Pasientreiser.no med transport i slike høve? spør vel nokon. Der svarar dei at om ein kan fote seg, og ein når fram til avtalen sin med (buss) transport som startar etter kl. 06:00 (!) er det denne reisa som gjeld. Så då blir det sjølvsagt privatbil og privatsjåfør uansett.