Ungdomane har akkurat gjort sine val for vidaregåande opplæring neste skuleår. I Stranda og Sykkylven er det ein auke i søknaden til studieførebuande og idrettsfag, resten av fylket har ein liten auke i val av yrkesfag. Vi treng at mange velger yrkesfagleg opplæring, mange næringar skrik etter fleire fagutdanna.

Kvifor er det slik? Får ungdomen nok veiledning? Velger ungdomen studieførebuande fordi det blir forventa av dei av foreldre og familie? Er det ungdomsskulane som ikkje får inn folk frå dei ulike næringane til å snakke om kva dei treng eller at næringa sjølv ikkje engasjerer seg?

Det er viktig å ha vidaregåande skular med gode studietilbud over heile fylket og at ungdomen får velge noko dei har interesse for, men det må også følge behovet for arbeidskraft ut i lokalsamfunna. Då er det viktig at både foreldre og skulane gir god veiledning til ungdomane som skal til på vidaregåande opplæring, utifrå interesse til ungdomen og kva næringane treng. Så må politikarane legge til rette for at ungdomane har gode nok utdanningstilbud over heile fylket.

Kva gjer næringa sjølv som treng meir fagutdanna arbeidskraft? Oppsøker dei ungdomen og ungdomsskulane? Gjer dei yrka sine attraktive for ungdomen? Eit godt eksempel på at næringa kan vere aktivt med og viser kva dei treng, er initiativ frå Hofseth til å få oppretta linje med Naturbruk på Stranda. Det kom i gang i rekordfart i fjor, og blir også eit tilbud i år på både vg1 og vg2, og med gode søkertal.

Yrkesfagleg utdanning er like viktig som studieførebuande, men har det like høg status? Det er det viktig at det har, og kven kan sørge for det? Jo, alle rundt ungdomen: foreldre, øvrig familie, skulane, næringane, politikarane og samfunnet for øvrig.

Vi i FRP jobber aktivt for at ungdomane skal få god vidaregånde opplæring enten ein velger studieførebuande eller yrkesfag, og at alle skal få muligheita. Ungdomen er framtida vår!