Vi vil skape ein positiv JA-kommune!

Framstegspartiet i Sykkylven vil i komande valperiode prioritere følgjande hovudområde: Kommuneøkonomi, næringsutvikling, bulyst, tiltak for barn, ung og eldre, sentrumsutvikling, omsorgstenestene, legesenteret, opprusting av kommunale vegar og landbruk.

Frp vil redusere og til slutt fjerne eigedomsskatten. Hus og eigedom skal vere familien sin trygge base, og ikkje eit skatteobjekt.

Det er viktig at det blir lagt til rette for å utvikle næringslivet, som treng fleire alternative arbeidsplassar. Det er ikkje aktuelt for Frp å innføre eigedomsskatt på næringsbygg.

For at våre sambygdingar og andre som vil flytte til Sykkylven er det avgjerande at kommunen legg forholda til rette for å skape gode og trygge arbeidsplassar og byggeklare tomter.

For barn og ungdom er det viktig å vidareutvikle dei ulike kulturelle tilboda, ikkje minst til dei frivillige lag og organisasjonane. Det er viktig med ein god barnehage- og skulestruktur.

Aure sentrum må få ei universell utforming, spesielt for dei med funksjonshemming. Sjøfronten må få bli oppgradert med forretningsareal, aktivitetsområde og promenade. Fylkesvegen mellom tunnelen og Aureelva må bli gjort om til ei miljøgate for å få eit meir samla sentrum. Det er behov for ein ny symjehall ved kulturhuset (rive den gamle og bygge ein ny og større), og like eins eit nytt stupetårn på den kommunale badeplassen i Haugneset. Reguleringsplanen for sentrum må bli revidert, spesielt når det gjeld krav til parkeringsplassar. Eit alternativ kan vere å få bygd eit parkeringshus som både næringsdrivande og private kan kjøpe seg inn i. Frp vil etablere ein minnelund ved Sykkylven kyrkje.

Statleg finansiering av omsorgstenestene kan vere ei god og alternativ løysing for å møte dei økonomiske utfordringane som kommunen har med denne tenesta. Dei eldre og pleietrengande skal ikkje vere ein salderingspost. Frp vil at det i størst mogleg grad vert lagt til rette for at dei som ønskjer å arbeide i heile stillingar i kommunal sektor, skal få dette.

Etter at Sykkylven kommune tok over drifta av legesenteret, noko Frp var imot, har det vore store utfordringar med å skaffe fastlegar. Dette har påført kommunen store utgifter. Frp vil arbeide for å få til ei stabil drift ved legesenteret.

Grebstadvegen og vegparsellen på Svartebekk må i komande valperiode få si løysing. Desse grusvegane må bli oppgraderte og asfaltert. Fasteindalen må i framtida bli halden open om vinteren. Elles må Sykkylven kommune legge press på fylket slik at av fylkesvegane blir oppgraderte med gang- og sykkelvegar.

Landbruk er ei viktig næring, sjølv om fleire gardsbruk bli lagt ned. Frp ønskjer at gardbrukarane i større grad skal få disponere og råde over eige areal og sine ressursar. Det kan vere til matproduksjon eller frådeling til tomteareal. Frp ser det som positivt at det blir satsa på kortreist mat, noko vi har fleire eksempel på i Sykkylven i dag.