«Eg er djupt såra og vonbroten». Det kunne vere freistande å låne dei berømte orda til Kjell Bondevik. Men nei, - eg vel å halde meg nærmare mi eiga verkelegheitsverd.

Likevel. Det er skuffande å registrere at dei ansvarlege i Stranda kommune ikkje har gripe til pennen og gitt forklaringa som eg etterlyste i Nyss 6. juni.

Alvoret i saka skulle vere kjend:

Kvifor valde administrasjonen først å fortelje – på eit orienteringsmøte på Solbakken – at institusjonen ville bli nedlagt innan utgangen av 2023, for nokre veker seinare – på eit folkemøte på Kulturhuset – å slå fast at det ikkje er tilfelle at kommunen vil legge ned Solbakken i løpet av 2023.

Er forklaringa intern kommunikasjonssvikt i administrasjonen?

Mykje tyder på at spørsmålet har vore tema også for HOK – hovudutvalet for helse, oppvekst og kultur – ettersom utvalsleiaren, Jostein Dalen, la inn denne setninga i eit innlegg i Nyss 15. juli: «Kritikken som har kome etter eit møte på Solbakken ei tid tilbake, er det god grunn til. Det var eit feilskjer.»

«Vonbroten»? Tida vil vise.