Men, korleis henger dette på greip Jostein Dalen, når du og dine i Sp faktisk gjer det stikk motsatte?

Dei som trenger det mest i Stranda kommune, har Sp og fleirtalet med vitande vilje radbrekt med 11,2 mill kr i kutt.

Konsekvensane av dette aldeles useriøse, urealistiske og usolidariske budsjettvedtaket som Sp og co vedtok ser vi alle no.

Rådmannen har varsla inntaksstopp og nedlegging av Solbakken sine siste 21 plassar i 2023.

Frå før har rådmannen fulgt opp Sp sitt budsjett ved å kutte 4+ 7 omsorgsbustadar på Solbakken, samt leggje ned sjukeheimsplassane på Hellesylt.

Jostein Dalen, du som er leiar i HOK helseutvalget, korleis kunne du stille deg bak dei brutale kutta innan pleie og omsorg på heile 11,2 mill kr, leggje ned så mange omsorgsbustadar og sjukeheimen på Hellesylt?

Korleis har du kunne sete og sjå på at omsorgsbusstadane på Solbakken sakte men sikkert har blitt avvikla, og no varsla full nedlegging?

Har ikkje høyrt eit pip frå deg om dette?

Ellers har vi høyrt ordføraren seie at Solbakken ikkje blir lagt ned, men kvar er kommunestyrevedtaket på dette? Ikkje ordføraren som er kommunestyre, eller?

Rådmannen har fått vedteke eit greinalaust budsjett frå Sp og co, som sjølvsagt både er urealistisk å umogeleg kunne gjennomføre, men som også radbrekker eldreomsorga.

Dette kjem klart til syne no når rådmannen forsøkte å gjennomføre kutta, som altså har ført til massive protestar i befolkninga.

Frp påpeika dette klart og tydeleg i budsjettsaker sist haust, useriøst meiner Jostein Dalen.

Det einaste som er useriøst og urealistisk er kutta med 11,2 mill kr innan pleie og omsorg, dette visste alle men gjorde ingen ting med det.

Kva har du og dine i Sp Jostein Dalen gjort istaden?

Jau, brukt 70-80 mill kr på brannbilgarasje i Geiranger og fylkeskommunal ferjekai på Hellesylt, og prioritert alt anna enn eldreomsorga.

ALT blir useriøst og urealistisk når pengane blir brukt opp på kraftig auke innan administrasjonen i kommunen og til ikkje lovpålagte oppgåver.

Så kjem eg til å kjempe for eldreomsorga i kommunen kvar ein einaste dag framover.

Ja, kall det berre useriøst men eigedomsskatten skulle vekk i 2018, dokke i Sp gira istaden opp drifta med fleire titals mill kr fram til no, og har brukt opp pengane.

Det same ang acuafondet på ca 18 mill kr så langt, som skulle gå til ny fleirbrukshall på grusbana, pengane er brukt opp også for dette.

Alle andre kommuner samt fylkeskommunen går med store overskot, pga gode kompensasjonar for covid frå staten. Stranda kommune er raka blakk!

Nei Jostein Dalen, du og Sp må berre ta ansvaret for det som har skjedd, rydde opp i dette og då må kraftige kutt innan ikkje lovpålagte oppgåver i administrasjon osv gjennomførast.

Flink å prate er fleire i Sp, men å handle til det beste for dei som treng det mest, er totalt fråverande!