Ja slik føles det når ordføraren i Stranda banker igjennom tidenes «julegåve» til Tussa, ved å nærmast gje vekk Stranda Energi, i siste kommunestyremøte, skjedde dette ved brudd på lovverket?

Tre veker etter at eit enstemmig vedtak om å behalde E-verket i kommunens eige, vart vedtatt i kommunestyret ,fremmer Tryggestad saka på nytt. Så langt er alt stuereint, men så starter «polsk riksdag». Ordføraren tar over rolla som rådmann i Stranda, som sakshandsamer for saka. Sakshandsaminga som skal vere forsvarlig utgreidd, er en parodi, som han sjølv kaller sine «eigne ord», eit partsinnlegg for fusjon, fullstendig blotta for alt som lova krev av forsvarlig saksframlegg. Dette skjer sjølv om konstituert rådmann Lillebø er til stades.

Når ein las saksutgreiinga , var dette eit partsinnlegg og ikkje eit saksdokument som stetter lovverket som krev juridisk forsvarlig sakshandsaming. Spørsmålet som då naturlig vil henge i lufta i lang tid er: Braut ordføraren kommunelova ved å vere sakshandsamer?

Så må eg presisere at eg tok ordet til dagsorden og formalia. Dette fikk tydeligvis ikkje journalisten med seg.

Når eg ba ordføraren gå i frå i behandlinga, var dette på bakgrunn av at han ikkje kan saksbehandle sin eigen saksutgreiing. Vanligvis når «rette» rådmannen legg fram saka er ho naturligvis ikkje med i behandlinga av saka. Han burde uansett stille spørsmål om eigen habilitet i møtet, og få den behandlet.

Ordføraren skulle naturligvis gå i frå og varaordføraren skulle tatt opp habilitetsspørsmålet til avstemming. Habilitet spørsmålet vart kontant avvist av ordføraren, med argumentasjon om at det ikkje er kven som helst som kan be ordføraren tre ifrå.

Jau, kjære ordførar, samtlige kommunestyremedlemmer kan fremme spørsmål om ordførarens habilitet. Braut ordføraren lovverket her også?

Ordføraren bryr seg lite om moral og reglar når motivet er å redde «skinnet» sitt for å unngå Robek. Dit kjem vi uansett, men ved å gje vekk E-verket fekk han eit lite pusterom. De seier igrunn alt når han klarer å lire av seg at demokratiske lover og prinsipp må vike for kommuneøkonomien. Ein sånn oppførsel og nedsnakking av demokratiet som alt er tufta på i samfunnet vårt, er utilgivelig. Nå vert sannsynligvis A-aksjane solgt for ca 100 millioner, medan verdien på selskapet er satt til ca 300 millioner (takst utført før strømkrisa).

Først køyrer han kommuneøkonomien i grøfta med 46 millioner kroner, og så skal demokratiet også køyrast i grøfta! Dette har han klart til tross for tidenes lave rente, tidenes store rammeoverføringar frå staten, tidenes store skatteinngang, eigedomsskatt på ca. 15 millionar i året, (han har krevd inn 160 millionar for å dekke 50 millionar i akkumulert underskudd), i tillegg aquafond på ca. 18 millionar. Han har hatt «gullskei i kjeften», i forhold til ordførarane før han, likevel går det gale.

Angrep har alltid vore det beste forsvar for ordføraren. Slenge ut påstander om andre, krisemaksimere og truge andre, slik vinn han fram med hersketeknikken sin. Når Stein Lystad,Geir Frøysa og Steinar Aanning ba folk vere snille med kvarandre, såg ordføraren ned i bordet og nikka. Nikkinga var det største skalkeskjul eg har opplevd på lenge, skam deg!

Mindretalet ville vente og avklare straumprisen i framtida i vårt område. Vi slapp å vente lenge, mindre enn ei veke etter det fatale vedtaket, går straumprisen i taket i Møre og Romsdal. Dette må vere det mest meiningslause vedtaket «ever» som har vore gjort av ein ordførar og dei andre som stemte for å avhende E-verket .

Noterer meg elles at ordførarkandidaten Nordang frå høgre, vil innføre «innestemme» for å få eit forsvarlig budsjett i havn. Eg trur alle som var med på det fatale vedtaket førre onsdag bør bruke innestemme i lang tid framover, skamme dokke for å ha rasert store varige verdiar for innbyggarane på Stranda, og for å gje ordførar Tryggestad eit godt ettermæle.