Du har frekkhetens svarte nådegåve Roger Hofseth når du gløymer å kalkulerer ut at andre som også var på møtet, inkl. underteikna høyrde du lova «å flytte anlegget» til den plassen du søkte om. Det du gløymer i alt du skal halde styr på av halvkveda innfall for å sjå ryddig ut, er at det er ikkje berre Hr Tor Waaler som synest du tilsnik deg rettigeter du ikkje burde ha. Det var fleire på møtet som meinte du ikkje har reint mjøl i posane dine.

Under møtet lovde du å jobbe for å flytte anlegget. Det blei vidare sendt møtereferat på denne lovnaden som du forøvrig måtta ha godkjent, i det du ikkje repliserte det du no seier om at det ikkje finst ein slik avtale. Du kan i det minste overfor dine avtalepartnera vise til kva framstøyt du har gjort for å halde det du lovde. Om du kan dokumentere at du har fått avslag på slikt, er det greitt. Om du ikkje har gjort noko, er det eit avtalebrot.

Du snakka usant då du sa at ditt primære opplegg var å legge anlegget ditt ved «Urdaneset» som dù kallar det. Du sei du fekk beskjed om at dette ikkje var mogeleg på grunn omsynet til Cruisetrafikken og midtlinjeprinsippet i fjorden. Dette har Ordfører Jan Ove Tryggestad gjentatt i det høgste organet vi har i Stranda Kommune, Kommunestyret.

Fakta er at etter å ha snakka med kystverket, så har dei eit heilt greitt og enkelt svar: 1: «Dei har aldri behandla ein søknad frå deg om å plassere eit oppdrettsanlegg på «Urdaneset». Dei har behandla oppdrettsanlegget du har kalla «Urdaneset» ut frå dei koordinata du har gitt dei.

Koordinata legg «tilfeldigvis» annlgget ditt under «Skafjellet», ei Missvisning på over 2 km. (Smart eller kjeltringfære?) Eg berre spør!

Kystverket opplyser at du fekk beskjed om å legge anlegget på langs, langs fjellveggen for ikkje å stikke for langt ut i fjorden slik du i utgangspunktet ville. Då hadde vel siste nota di leie heilt opp i gamle pølsefabrikken.

Om ikkje Byråkratane veit kva «Urdaneset» ligg, so veit i kvar fall Strandarane dette. Og dei trudde i si venlegheit og vilje til Næringsutvikling både på deg og Jan Ove Tryggestad. Men å bli lurt i og om si eiga heimbygd trur eg det er fleire som ikkje synest er greitt. Dei likte det heller ikkje i Formannskapet som «følte seg lurt» av same framstillinga.

2: Det finst ikkje noko prinsipp om midtlinje i disse spørsmåla slik du også fortalde under møtet du lovde å jobbe for å flytte anlegget. Du kan i det minste overfor dine avtalepartnera vise til kva framstøyt du har gjort for å halde det du lovde. Om du kan dokumentere at du har fått avslag på slikt, er det greitt. Om du ikkje har gjort noko, er det eit avtalebrot. Kall det ka du vil!

Kvifor skal vi då tru på din meir enn lemfeldige omgang med og ovanfrå og ned haldning når du skal imøtekome dei som ikkje er enig med deg. Enten det gjeld myndigheiter eller privatpersonar. Eit anna eksempel er berre å ringe Mattilsynet: Dei må innrømme at det tar meir enn ein dag for dei å få opplysningar i si saksbehandling. I mellomtida har du mot alle odds fått plassert anlegget ditt, tent eit par hundre millionar, sjølv om du pdd enda ikkje har fått godkjennelsen på plass. Ordføraren har heller ikkje ordna oppgåva med ein felles sjøarealplan for Stranda, Fjord og Sykkylven, ref Ordføraren sjølv i kommunestyret i Juni2020. (Då var du invitert til å snakke om dine planar).

Då sa Jan Ove Tryggestad at ein ikkje kom vidare med mindre sjøarealplana var ferdig. Det einaste ein kan sjå i dag er dette:

Anlegget ditt ligg under Skafjellet.

Du har ikkje fått endeleg godkjenning.

Sjøarealplanen er knapt starta og langt frå ferdig.

Er storfjorden ei «attåtnæring» for toppar i politikken og rike investorar?

Korleis blir innbyggarar som stille spørsmål møtt og får dei i det heile tatt svar på det ein spør om?

Eg finn det for godt å ikkje ta med meir i spennet av spørsmål som dukkar opp.

Spørsmål som både oppstår direkte i forhold til konkrete handlingar, like eins som dei som dukkar opp og har ein litt meir suspekt karakter.