Takk for respons og rask tilbakemelding.

Saka om framtida for det kommunale legesenteret er viktig for heile bygda, og Sykkylven Arbeidarparti har stort fokus på at vi saman skal få til ei positiv utvikling av legesenteret.

For å løyse dagens problem med det kommunale legesenteret, er det to stikkord som er sentrale for Sykkylven Arbeidarparti: Rekruttere og behalde.

Det vert i dag drive eit aktivt rekrutteringsarbeid av kommuneleiinga og det politisk valde rekrutteringsutvalet. Dette arbeidet må halde fram. Men Sykkylven Arbeidarparti har tru på at det i tillegg til dette også må takast initiativ i høve til dei legane vi misste. Dei bur i bygda, kjenner bygda og kunne truleg tenkje seg å arbeide her i framtida. Særleg dersom dei opplever seg som ynskte frå Sykkylven kommune si side.

Så ja, Utgård og Kaland, Sykkylven Arbeidarparti vil gjerne gå til konkrete skritt for å føre partane saman,og  invitere til møte gjennom å kontakte dei av legane på Stranda som har ei fortid ved Sykkylven. Dette har vi gjort framlegg om ved fleire høve, men det politiske fleirtalet ( posisjonen) har ikkje villa vore med på ei slik løysing.

Frå Sykkylven Arbeidarparti si side er denne  vegen framleis open.