Enno ein gong kan vi seie: «Gratulerer med dagen».

17. mai vert gjerne omtala som borna sin dag – då alt skal vere fryd og gammen.

1814, 1905 og 1945 er merkeår i vår fridomskamp, – og står godt planta i vår bevisstheit.

Vi er heldige, vi lever i eit fritt land.

17. mai i 2022 har fått ein alvorleg undertone. Tidlegare år har vi sett land øydelagt av borgarkrigar. I år kjempar naboar for si fridom, – ei usikkerheit sig innover Europa. Ei tragedie for Ukraina, for Russland, for Europa og for kloden vår.

Vår store nabo har teke seg til rette med nådelause handlingar overfor broderfolket. Med ein tidlegare komikar som står fram som krigshelt – og daglege bilete av ufattelege øydeleggingar kjem dette svært nært. Korleis kunne dette skje?

«Aldri meir krig», sa veteranen og vår lokale radiostemme og krigshelt, Joacim Rønneberg, – min og vår HV-instruktør i å sette dynamitt ladningar, – han var ekspert. Han vart aldri ferdig med å minne oss på «aldri meir krig». Det ser ut til at det som ikkje er sjølvopplevd er vanskeleg å ta innover seg konsekvensen av. Putin har neppe sjølv vore eit offer for krigens redsler, han sit – bokstaveleg, med trygg avstand.

Vise folk har sagt: Krigen kan kanskje ikkje vinnast – aggresatoren toler ikkje å tape og truar med den raude knappen, og vi kan ikkje vere trygge på at han ikkje vil bruke den.

Det veit både vesten og sjølvsagt også angriparen som er ein kynisk spelar.

Vi oss spør gjerne: Er det noko i den Russiske kulturen vi i vesten ikkje har forstått?

Kvifor tilbake til diktaturet?

Jeltsin trudde Putin var rett mann, han stod fram som demokrat og vart klappa på skuldra.

Ein mann som var utdanna til mistenksomheit, spionasje og manipulasjon, – vart funnen rett til å bygge landet mot demokrati. Ein ulv i fåreklær.

Eller: Han var neppe åleine, – var det ein gjeng frå fortida – som sette kjeppar i hjula for Russlands nye tilnærming. Skulle ei storheit atterreisast? Var det folk med – nærleik til statskasse og systemet? Nærleik som gjer at forsvarets transportfly kan brukast til å frakte ein ikkje eksisterande skuggehær til lyssky handlingar.

Vegen mot diktatur er klassisk:

Først, økonomisk framgang, han fekk folket sin tillèt. Så kom sensur, forbod og straff. Motstandarar vart terrorisert eller fjerna for godt.

Med løgn og manipulasjon har han, tilsynelatande, greidd å halde på tilliten.

Så må han ha ein oppkonstruert ytre fiende, – oss – vesten – som for alt i verda er misunneleg på det utvalde Russland: «Vi må verne oss».

Det er heller ikkje dumt å få med seg øvste hauda med kåpe og krage – som lett lager eigne versjonar av historie og verkelegheit, – om det er trusselen eller størrelsen på skattekista som veg tyngst – vites ikkje. Diktatoren vil site til han døyr.

I Norge tek vi fridomen for gitt. I dag feirar vi den.

Vi bur i eit land der vi kan seie, skrive og gjere omtrent det vi vil – ytringsfridomen går langt i Norge, du kan måtte tole å bli krenka. Men ikkje æreskjelt, latterleggjort, diskriminert, trakkasert eller t.d. verte utsett for hatefulle truslar, – som det heiter.

Og vi forventar folkeskikk.

Ytringsfridomen er grunnleggande for demokratiet. Utan ytringsfridom – inga sanning. Utan sanning – intet demokrati.

I dag tukler vi med sanninga på ein måte vi ikkje gjorde før.

I krig – har løgn og propaganda rett nok alltid vore brukt. Men i politikken, på toppnivå, – der har vi liksom forventa at motsett syn vert møtt med respekt for kvarandre og vi opptrer skikkeleg.

Det skjedde noko. Også i vest.

I 2016 var eg tilfeldigvis på eit såkalla «rally» – eit politisk møte med hundrevis frammøtte – Det var ein uavhengig presidentkandidat under oppseiling. Det var ein raljerande talar der løgna ikkje ein gong var fordekt, og lefling og hatefulle utsegn kom tett som hagel.

Det var som å få repetert talar frå ein viss mann på 30-talet. Oppskrifta er den same. Snu sanning til løgn. Gjenta løgna mange nok gonger, og proklamer den som sanninga. Det er mange som trur på deg. Ukritisk.

Globaliseringa har sin pris, på godt og vondt. Mange har mista levebrød og haldepunkt – det er mange som slit. Det lett å nøre i glørne. Nytt var den aggressive, nedlatande tonen med direkte ærekrenking av rivalen. Og korleis gjekk det i landet som gjerne ser seg sjølv som verdas førande demokrati? Aldri før har ein avgåande president – fått ein mobb til å angripe kongressen. Skremmande scener – og ein skremmande reaksjon frå ein ekspresident. Eller kanskje mangel på reaksjon. Han har erobra eit respektert parti, har gjort det til sitt, – enten er du for meg eller i mot meg. Er du imot – tek eg deg. Sanninga er torpedert – partia greier ikkje å samarbeide, kompromiss vert ikkje inngått, kongressen synest handlingslamma. Og han kjem igjen. Konspirasjonsteoriane og fake news lever i beste velgåande. Vil Amerika vakne i tide? Vil dei verkeleg ha ein diktatorspire til å leie landet?

Ein diktator deltek ikkje i val utan å vinne. Innanfor EU har vi fått ein ny diktator som gradvis strammar grepet om Ungarn sitt folk. Skal det godtakast utan fylgjer?

Krig, pandemi og klimakrise – forsterka av Putins gjerningar – gjer at vi har fått ny fokus på beredskap.

Ein roleg Europeisk periode med globalisering gjorde noko med vår haldning til beredskap innan forsvar, mat og medisin. Ordet «beredskap» vart tilsynelatande erstatta med industriens «just in time». Det fungerer fint når alt fungerer. Men berre då.

Forsvar og matproduksjon får overføringar frå staten. Milliardar. Forsvaret for å halde oppe ein kompetanse for å forsvare landet i ein situasjon. Jordbruket er ein del av vår matproduserande beredskap. Dette er frie yrke, dei er eigne arbeidsgivarar. Så frie at dei ikkje bør bli sjuke, dei har lange ikkje-kompenserte arbeidsdagar og dei kan heller ikkje ta det dei vil – for det dei lagar – og den tida dei brukar. Då blir varene for dyre – fordi innsatsfaktoren er den same som elles i samfunnet, eit resultat av ei villa utvikling. Til gjengjeld held desse oppe ein kompetanse, og genererer ei rekke andre arbeidsplassar, i tettstadane og ikkje minst er dei limet i distrikta.

Staten gir også overføringar til andre arbeidsfolk. Milliardar. Dei får også betaling for å utføre viktige tenester for staten – oss –. No heiter det løn. Desse har ordna arbeidstid, ordna sjukepengar, ferie og overtidsbetaling. Dei er viktige brikker i samfunnet, men genererer sjeldan meir enn eigne arbeidsplassar og tener x gonger meir enn førnemnde.

Nei, nei seier du, dette vart heilt feil. Tja, – men tenk over det.

«Ja, vi elsker dette landet som det stiger frem, furet værbitt over vannet, med de tusen hjem».

Ja, det er her vi er, – det er dette vi forvaltar. Frå Kirkenes rundt kysten til Halden. I busetjing gjennom tusener år basert på to hjørnesteinar: Fiske og jordbruk. Så gav havet oss uventa rikdom, som av framsynte vart forvalta godt. Men det har sine skuggesider, vi har mista litt av nærleiken til realitetane i livet. Til det som gjorde at vi busette heile landet. Det er lett å rasjonalisere vekk, verre å erstatte og bygge nytt. Vi kan kjøpe alt, treng ikkje lage noko sjølv. Trur vi. Kva gjer det med eit land? Kvifor tillèt vi oss å skusle bort erverva kunnskap?

Alle land har sine ulemper og føremonar. Vi har vassfalla. Eit av våre gode i eit kjølig klima. I år har vi sett resultatet av at politikarane leikar forretningsmenn og tuklar med ting som vi har teke for opplese og vedtatt. Og som gjer oss endå mindre konkurransedyktige på det vesle vi lager sjølve. Det er vanskeleg å sjå fornufta i dette, skyhøge straumprisar og rekordlave magasin.

Er det beredskap? Ja. Vi skal dele med Europa, men ingen gir avkall på eigne fordeler. Demokrati er også å lytte til folket. For kort tid sidan var vi i krise. Då kasta nokre herverande eldsjeler seg rundt og løyste staten sine beredskaps-problem med å starte produsere munnbind.

Og korttidsminnet vårt? Ikkje før er den akutte beredskapen løyst før folk i solide posisjonar med solide overføringar finn at dei sparer ei krone på å handle stort – og kjapt – ein ny gåvepakke til utanlands storkapital – og ein kilevink til dei som laga lokale arbeidsplassar og beredskap i ein pressa situasjon.

Det som skjer ute i verda – får følge for oss i vesle Norge. Ja, det kostar å halde beredskap. Det kostar å drifte dette landet. Det er dette landet vi forvaltar. Det er denne kysten som har gitt oss velstand. Det er du og eg som må orientere oss i ei komplisert verd, ikkje la oss rive med av løgn og konspirasjonsteoriar – som kan få fatale følger.

Det er du og eg som må gjere skepsis til skamme – og som må ønske nye landsmenn velkomne. Det er vi som må bruke stemma, – hevde ytringsfridomen – tale sanning, vise respekt. Det er du og eg som må sørge for at demokratiet fungerer. Det er her vi kan feire fridomen vår. I eit fritt Norge.

God 17. mai.