Skal Stranda klare å trekke til seg fleire turistar, og såleis oppnå den status mange ynskjer seg, vil det vere nødvendig å skape nye aktivitetar, slik at turistane kan gjere meir enn å rusle rundt i sentrumsgatene.
I tråd med dette tillet eg meg å lansere ein tanke, henta fram frå nær sagt ingen ting:
Helge Ibrahim har med sin Koie gjort store steg for å gjere den tidlegare campingplassen til ein fleirsidig feriestad. Nye ting dukkar opp på området ovafor Storelva.
Og i kjølvatnet av alt som skjer, vil eg legge fram ein ide om ein attraksjon som eg – i all beskjedenheit – trur og kanskje meiner vil vere til glede.
Eg ser for meg ei steinsett rås slynge seg opp langs fjellsida frå Ibrahims Koie og det suverent flotte utsynsplatået Hagekleiva. Der har, slik eg kjenner til det frå omtalen i Nyss, den aktive Lionsklubben på Stranda bestemt seg for å gjennomføre ei opprusting.
Eg luftar tanken min. Så får dei som føler at den har noko for seg, vonleg gripe tak i den – og mest av alt setje i gang med å legge planar for realisering av steinråsa.
Kanskje er dette eit av tiltaka som skal til for å gjere tettstaden vår endå meir attraktiv.