Den psykiske helsa vår er like viktig som den fysiske helsa vår. Kvart år mistar vi over 600 personar i sjølvmord. Hundrevis av familiar sit igjen og lurer på kva som gjekk gale. Vi treng fortsatt å rette fokus mot psykisk helse i alle samfunnets krikar og krokar, men kanskje viktigare: Vi treng folk og ressursar. Og her vil eg rette kritikk mot Stranda Kommune sitt helsetilbod. For i ein kommune med over 4000 innbyggarar kan ein ikkje ha EIN person tilsett i psykisk helseteam.

«Treng du å snakke med nokon? Vær så god og sitt.... i eit halvt år.» Dette får enorme konsekvensar for dei som slit og treng hjelp. Nei, sitatet over er ikkje tull. Det kan ta eit halvt år å få psykisk helsehjelp i kommunen vår. Hallo, Stranda Kommune, unnskyld at eg spør, men er det nokon heime?

Eg forstår verkeleg ikkje kva som foregår når vi har berre ein person tilsett i psykisk helseteam – da kan det ikkje kallast eit team ein gong. Fjord Kommune har tre tilsette, ein kommune halvparten så stor som Stranda! I Stryn har dei heile seks tilsette. I min heimkommune i Trøndelag – som er mindre enn Stranda – er det både sjukepleiarar, sosionomar og andre yrkesgrupper i psykisk helseteam. Det skal vere eit lavterskeltilbud viss ein treng å snakke med nokon.

På Stranda Kommune si nettside står det at psykisk helseteam skal vere eit lavterskeltilbod. Det er jo rein løgn. Å vente eit halvt år på hjelp er ikkje lavterskel. Er det ein slik kommune vi vil ha? Ein kommune kor ungane våre, foreldra våre, vennar, kollegaer og kjente må vente eit halvt år for få snakke med nokon? Eg blir skremd av konsekvensane av dette.

Eg skjønar at det ikkje går an å berre trylle fram folk. Opptil fleire gonger har kommunen søkt etter ein psykolog, som alle kommunar skal ha, men lat oss vere ærlege. Det er ein utopi! Det er ikkje er berre berre å forlate eit kjent miljø i ein storby eller studiestad og flytte «langt ut på bygda» kor du skal vere bygdas einaste psykolog. Der er heller ikkje noko psykologmiljø frå før, og du blir sett til ei enorm og krevjande oppgåve.

Men det finst andre moglegheiter! For ei stund tilbake las eg at både Stranda og Sykkylven kommune fekk midlar til psykisk helse. Eg kan berre sei at dei pengane har vi ikkje sett mykje til. Kor mange sjukepleiarar har vi i kommunen for eksempel? Eg synst at psykisk helse er såpass viktig at ein må sjå om ein kan tenkje nytt, etablere nye prosjekt innan psykisk helse, opprette prosjektstillingar og engasjement eller omrokkere på helsefag-stillingar i kommunen. Ein må vere litt på ballen og ikkje tenkje at «det sikkert skurer og går», noko det verkar som at Stranda kommune gjer.

I kommunen eg er vakse opp i, var det sånn at kommunen reiste til studiestaden for å freiste studentar heim til arbeidsplassar. Det er kanskje naivt å tenkje sånn, men ein må også tenkje på korleis ein rekrutterar. Kva om kommunen faktisk drog på karrieredagar på NTNU eller dei andre universeta? Eller korleis formulerer ein seg i stillingsannonsar? Kva kan vi lokke unge, nyutdanna til kommunen vår med? I januar 2020 snakka Nyss med ungdommar på Helse- og oppvekstfag ved Stranda vidaregåande. Eg fant eit ganske interessant sitat i artikkelen: «– Kva gjer kommunen med omsyn til rekruttering? Vi har kontakta kommunen for å få svar, men det har vi ikkje fått, seier intervjuobjektet.»

Ikkje noko svar, nei.

Stranda Kommune, når ein ber om hjelp, så treng ein hjelp no. Ikkje neste år. Konsekvensane blir så mykje verre viss ein må vente. Det er forferdeleg sleivete sagt, men folk rekk å ta livet av seg på den tida ein må vente på dette. Og det er det dessverre alt for mange som gjer på landsbasis. Å slite psykisk er akkurat like normalt som å vrikke ankelen og då må ein få hjelp i tide! Eg er nyinnflytta og eg blir irritert, provosert og lei meg når psykisk helse verkar så nedprioritert at du må vente eit halvt år for å få hjelp.

Jan Ove Tryggestad, kommunen din kan ikkje gøyme seg bak vage svar om prioriteringar og økonomi lenger. No vil eg ha eit ordentleg svar på kva Stranda Kommune heilt konkret skal gjere for å hjelpe dei som slit psykisk i kommunen vår.

Så Stranda Kommune, viss de vil at eg og andre unge personar skal fortsette å bu her, få ungar og etablere oss, da må de sjå at det faktisk finst mange, mange, mange som slit og vil slite. Då treng vi eit ressurssterkt psykisk helseteam i Stranda Kommune!