Bjørn Idar Lyngvær har i Nyss 3. februar eit innlegg under overskrifta «Legesenteret».

Dette innlegget ber eit sterkt preg av hersketeknikk, synsing, mangel på kunnskap, og feilinformasjon.

At Lyngvær føler behov for å sette underteikna i dårleg lys, synest eg sjølvsagt ikkje noko om, men han har sikkert sine grunnar for det. Det som ikkje er greitt, er måten han omtaler Utgård og Kaland på. Her brukar Lyngvær hersketeknikk og ufin retorikk for å tilleggje dei to ein agenda som dei kanskje ikkje har.

Å mistenkeleggjere dei for å ha ein skjult agenda fordi dei stiller kritiske spørsmål i eit valår, er berre trist. Det skal ein politikar som har vore med å behandla denne saka, halde seg for god til. Det er gjerne i valår at kritiske spørsmål blir stilt. Følg med i media framover, så ser ein det. Dette egner seg berre til å skremme folk frå å engasjere seg.

Vidare kastar Lyngvær ut påstandar, som ikkje er korrekte, og dei fleste er retta mot meg.

Eg vel derfor å kommentere dette.

1. Lyngvær minnast at det var stor misnøye med det private legekontoret.

Kommentar: Den misnøya trur eg først og fremst var blant politikarane og administrasjonen, sjølv om det heilt sikkert også var pasientar som ikkje var fornøgde.

2. At eg under orienteringa i kommunestyret, hoverte over at eg hadde fått i stand avtalen, for så å stå fram for å kritisere kjøpet av det private legesenteret.

Kommentar: Eg hoverte på ingen måte, men gjorde eit poeng ut av at ulik forhandlingsteknikk gir ulike resultat. Eg har ikkje på noko tidspunkt kritisert kjøpet. Det eg har kritisert, er vedtaket om oppretting av kommunalt legesenter. Det var to ulike saker.

3. Lyngvær sår tvil om det var rett at eg hevda at kommunen brukte 7–8 millionar kroner per år til legekontor og legevakt. Lyngvår meinte at det var meir, når legevakta var inkludert.

Kommentar: Eg har sjølvsagt ikkje tatt desse tala ut av lufta, og det bør heller ikkje Lyngvær gjere. Eg hadde tatt meg bryet med å hente ut tala når vi hadde oppe saka i 2018. Då var det nøyaktige talet 7,35 millionar kroner totalt for legekontoret og legevakta.

Kan i tillegg nemne at tala for 2019 var 7,66 millionar og 2020 7,70 millionar kroner. Det var det siste heile året med privat drift.

4. Lyngvær hevda at det er åtte legar på kontoret no, og ein treng ikkje ha store mattekunnskapar for å forstå at det kostar meir enn fire legar som han hevda at det stort sett var tidlegare.

Kommentar: Lyngvær er sikkert flink i matte, men burde sjekka fakta. I 2018 hadde det private legesenteret seks fastlegar, ein dagvaktlege, og ein turnuslege. Med min mattekunnskap, svarar til det åtte legar. I tillegg var det fire legevaktlegar som tok helg/kveldsvakter. Det var også sju tilsette som hjelpepersonell i 5,4 årsverk.

5. Lyngvær påstår at situasjonen i dag hadde vore den same i dag, dersom vi ikkje hadde oppretta kommunalt legekontor.

Kommentar: Utan det vedtaket, og den behandlinga som legane opplevde, hadde både Drengk, Settemsdal, Hove, og Bhatia vore her, og sikkert fleire også. Dette hadde gjort behovet for vikarar langt mindre, og dermed billegare drift. Korleis Lyngvær skulle skaffe legar til to kontor, når vi ikkje klarar det til eit, er og blir for meg ei gåte. Sykkylven hadde ikkje fastlegekrise, men klarte å skape krise.