Ei sykkylvsdame som ønsker å vere anonym fortel at ho er einig kritikken som har komme mot Norgestaxi som har tatt over pasienttransporten i området.

– Eg har ein mann som er kreftsjuk og ofte må på sjukehuset. Her om dagen blei han sitjande og vente i over tre timar på skyss. Eg prøvde å ringe drosjeselskapet for å få informasjon, men der var det berre ventemusikk, seier ho på tråden.

Ho meiner pasienttransporten var mykje betre før, når det var lokale drosjesjåførar som stod for køyringa.

– Her har dei henta inn sjåførar frå Trondheim, Bergen og Oslo som ikkje har peiling på kor dei skal helst, og dei treng ofte navigasjonshjelp. Dei som har sett i stand dette burde setje seg i skammekroken og skamme seg! At det er ein innkøyringsfase hjelp ikkje. Det burde ha vore på plass før dei starta opp, seier ho.