Ferjesamband og kutt i ferjetilbod har i det siste vore mykje omdiskutert i media og ein kan trygt tru på at mange er bekymra for eit meir og meir innskrenka tilbod. Det er alltid nokon som blir negativt råka av ein avgang som blir stroke. Det er ikkje slik utviklinga kan fortsette, meiner vi i Venstre.
Sambanda i Sykkylven kommune er vår moglegheit til å komme oss raskt frå A til B, om det er arbeidsvegen og dagleg pendling eller om det er for å komme seg til kjente og kjære. Vi i Sykkylven er avhengige av at ferja går over fjorden, dag og natt, fordi vi har ingen alternativ – ingen andre vegar vi kan ta. Den negative utviklinga det tar no er ikkje vegen vi kan gå!
Vi må begynne å tenke utanfor boksen og finne alternativ for å sikre at sambanda i kommunen, eigentleg i heile Møre og Romsdal, kan fortsette og knyte oss saman og dekke dei behova innbyggarane har til ein kvar tid.
Vi treng eit framtidsretta tilbod som tørr å ta i bruk ny teknologi, teknologi som ein alt forskar på i vårt fylke med gode resultat. Kongsberg Maritime har utvikla verdsleiande maritim teknologi som kan ha stor innflytelse på enrgi- og kostnadsreduksjon i ferjetrafikken i framtida. Are Folkestad, ordførarkandidat for Ørsta Venstre og Pål Farstad, fylkesordførarkandidat, skriv eit interessant innlegg om det (https://www.smp.no/meninger/leserinnlegg/i/0Q0dLJ/ferjer-for-framtida) som peiker i ei retning som kan vere framtida for ferjedrifta. Han skriv i innlegget sitt at «forskarar og ingeniørar frå Kongsberg Maritime i samarbeid med eit lokalt reiarlag gjennomført demonstrasjon av ein autonom segltur på nesten 300 kilometer i vårt fylke. Eit frakteskip har segla sjølvgåande frå Averøy til Frohavet og tilbake igjen medan enkelte operasjonar blei fjernstyrt frå eit kontrollsenter på land i Ålesund.»
Kva om vi tørr å tenkje at sjølvgåande eller fjernstyrte ferjer som både er utsleppsfrie, kostnadseffektive og ikkje har behov for kviletid er framtida til ferjetrafikken – Kva om dette er vegen vi må gå? Dette ser iallfall vi i Venstre på som ei moglegheit med mykje potensial. Det er forankra i venstrepolitikken at vi vil vere pådrivar for innovasjon og utvikling av betre løysingar for kollektivtransporten. Derfor er denne teknologien noko vi vil følgje nøye med på og vi skal ikkje vere redde å syte for å ta den i bruk for å sikre framkomst til fastbuande og tilreisande som holdar livet våre levande lokalsamfunn i alle kommunar, uansett plassering og storleik.