Mellvin Steinsvoll lurer på kva Frank Sve egentlig vil, svaret på det er enkelt og det er å lytte til folket i heile fylket.

Folket i heile fylket vil slett ikkje ha Møreaksen, men heller bruke dei mange titals milliard kr til haugevis med viktige vegprosjekt i heile Møre og Romsdal.

Folket ynskjer:

  • E-136 frå Ålesund til Bjorli

  • Romsdalsaksen

  • RV 70

  • Ny innfartsveg til Kristiansund

  • Todalsfjordkryssinga

  • Talgsjøkryssinga

  • Langfjordkryssinga

  • E-39 Veibust-Blindheim-Moa

  • Ny veg forbi Batnfjorden

  • RV 15 Strynefjellet med arm til Geiranger Voldatunellen Rovdefjordbrua

  • Sande Fastlandsamban Hamsundsambandet Storfjordsambandet

  • Kjerringsundet - med Fastlandsamband utan Møreaksen

  • Ny E-39 Ørsta- Festøya

  • Og lista er nok enda lengre.

Dette Melvin Steinsvoll, er vegprosjekt folket i Møre og Romsdal trenger, ikkje ein greinalaus Møreakse som folket ikkje vil ha eller trenger.

Ja, som 1 nestleiar i Transport og kommunikasjonskomiteen kan eg verkeleg påverke kva som skal byggjast av vegprosjekt.

Då kan eg love at eg skal gjere alt eg kan for prosjekta som er lista opp ovanfor, men også alt eg kan for å stoppe galskapens prosjekt, Møreaksen.