Torsdags morgon i førre veke fekk vi vite at Russland hadde gått til militært åtak på Ukraina. Ein uskuldig nasjon må lide for Putin si grenselause maktsykje. Ukrainarane forsvarer seg djervt, men det er ikkje enkelt å verje seg mot ei av dei største militærmaktene i verda. Heldigvis er dei fleste nasjonane i verda på Ukraina si side, og det blir gjort alt for å hjelpe til med både pengar og materiell, og for å få til forhandlingar, men folket lid.

Ukrainarane har sterk nasjonalkjensle og sterk kampvilje. Ei ung dame i Ukraina vart søndag intervjua av media. Ho var synleg uroa og sorgtyngd, men ho ville, så sant ho fekk våpen, kjempe mot russarane. Ho var ikkje redd. «Kvinnene våre bed for soldatane, dei er svært tapre, og vi vonar alle at landet vårt kan verte fritt også i framtida,» sa ho.

Og så kan ein spørje: Kor mykje blod skal flyte, og kor mange tårer skal renne no og i framtida grunna maktsjuke og kjenslelause despotar sine handlingar.

Mange menneske rømer no frå Ukraina, og dei frie nasjonane rundt om må vere viljuge til å ta imot flyktningar. Det har nasjonane råd til og må klare.

Men det er også her ulike meiningar. For eit par veker sidan fekk vi vite, at to brør som for ei tid tilbake kom til Stranda som flyktningar, no var så metta av hån og ukvemsord, at dei flytta til Trondheim. Tidlegare i haust, før valet, sa ein person til meg: «Eg vil stemme på det partiet som vil ha færrast mogleg flyktningar til landet vårt.»

Det er mangt som røyver seg i folkedjupet, men no er tida inne for å vise nestekjærleik. Vi må ta mot flyktningar, og framfor alt vere medmenneske.

Bjørnson skreiv i 1871 diktet «For de sårede». Dette bør vekkje oss alle.

Der går et stille tog

igjennom kampens bulder

med bønn på alle språk;

det bøyer mot den falne ned

med korset på sin skulder,

med bud fra hjem og fred.

-

Det finnes der ei kun,

hvor kampens vunde bløder,

men på all verdens rund.

Det er all verdens kjærlighet

av edle, gode hjerter,

som stille kneler ned;

-

det er arbeidets sky

for krigens mord og herjing,

der ber om fred og ly;

det er hver lidende på jord,

som kjenner nød og kummer,

der sukker for sin bror;-

-

det er hvert smerte-stønn

av sårede og syke,

det er den kristnes bøn;

det er forladtes bleke råb,

det er den krenktes klage,

den dreptes siste håb;-

-

en bønnens regnbu-bro

opp gjennom verdens uvær

i skinn av Kristi tro:

at over lidenskapens nød

må kjærlighet få seire;

ti så hans løfte lød.