Ny stillingsheimel i Stranda kommune, for planlegging av ferjekai på Hellesylt og ny brannstasjon i Geiranger?

Eg har følgjande spørsmål til rådmannen i Stranda kommune:

Kommunestyret sitt fleirtal med SP og co., har vedteke omfattande kutt innan pleie og omsorgstenestene i kommunen.

Både omsorgsbustadar på Solbakken og sjukeheimsplassar skal kuttast, i tillegg til meir enn 10 million kr i kutt innan pleie, eldreomsorga.

Samtidig høyrer eg «rykte» om at administrasjonen har teke seg råda til å tilsett ny medarbeidar for planlegging av mogeleg ny ferjekai på Hellesylt og ny brannstasjon i Geiranger.

Dette er i så fall ang. to tiltak som kommunestyret IKKJE har vedteke enda.

Kan heller ikkje huske at ei slik stilling har vore lyst ut, eller var lagt til grunn i budsjettet?

Ferjekai på Hellesylt, når er den vedteken?

Kva skal fylkeskommunalt ansvar som ei ferjekai på Hellesylt eigentleg er, koste skattebetalarane i Stranda kommune?

Skal dette gå ytterlegare ut over dei eldre og pleie og omsorgstenestene?

Brannstasjon i Geiranger som det angjeveleg kan sjå ut til skal byggjast i «marmor», når er dette prosjektet vedteke og finansiert?

Vi dette prosjektet slå beina under alle planar om ny sjukeheim på Stranda i årevis framover?

Eg stiller spørsmålet ikring desse saksområda, og forventar raskt svar!