Onsdag 4. januar har Utgård og Kaland eit innlegg i Nyss, der dei etterlyser manglande politisk debatt, og spørsmål til bruken av pengar ved det kommunale legesenteret. Først vil eg takke dei to for engasjementet, det er på høg tid at nokon av innbyggarane stiller desse spørsmåla.

Sykkylven har til alle tider, stort sett hatt eit godt og fungerande legetilbod, og legevakt, når dette var drive av private aktørar.

Eg seier ikkje at alt var perfekt, for det perfekte legekontor finst ikkje. Dei aller fleste pasientane i bygda hadde fastlege, og legane hadde lang "fartstid" ved kontoret, og kjente sjukdomshistoria til pasientane sine. Også legevaktslegane hadde vore her i fleire år. Noko som betydde stabilitet. På den tida kosta legetjenesten Sykkylven kommune 7 - 8 mill. inkl. husleige og reinhald osv.

Så på eit tidspunkt, kom Sykkylven kommunestyre på t dei ville ha kommunalt legesenter, og at dette bla. ville spare kommunen for 450 000 kroner. Dette skulle bla. skje ved at legane vart kommunalt tilsette, her skulle det vere pengar å spare. Det vart ført ein prosess mot det private legesenteret, som aldri skulle skjedd. Mange hugsar sikkert lege Øystein Hove sitt oppgjer med kommunen over to sider i Sykkylvsbladet. Når ein stillferdig mann som Hove, tar til ordet, da er det på tide å lytte. Den prosessen som her vart ført, gjorde at fleire av våre fastlegar slutta, og dei jobbar no på Stranda.

Draumen om eit kommunalt legesenter, gjekk så langt at Sykkylven kommune ønska å opprette eit kommunalt legesenter, i tillegg til det private, og utan å ha ein einaste pasient. Her prøvde kommunen å ta pasientlista fra Hove, men etter ei forføyning i retten, gav kommunen opp.

For å stoppe galskapen med to legekontor, tok det private legesenteret ansvar, og tilbydde kommunen å kjøpe det private selskapet.

Her starta problema for Sykkylven kommune !!

Det har vist seg svært vanskelig å erstatte dei fastlegane som slutta, og dei som har blitt tilsette, har i tur og orden slutta, nokon før dei har begynt. I dag er det stort sett vikarar, og dei er her berre i kortare perioder. Eg har sjølv hatt behov for oppfølging av lege siste 1 ½ åra, og har skifta fastlege fleire gonger. Eg har faktisk ikkje møtt samme legen to gonger. Frå å ha ein fastlege som kjenner historia mi, har eg ikkje hverken fastlege eller nokon som kjenner til historikken min. Eg trur mange her i kommunen har det akkurat som meg.

Det som er eit stort paradoks at kommunen no ynskjer at legane skal vere sjølvstendig næringsdrivande. Det var no akkurat det Sykkylven kommune skulle bort frå, for å spare pengar.  Vi er med andre ord på veg tilbake til start, men har rota bort titals millionar på vegen.

Det manglet ikkje på advarslar korkje frå legane, Frp eller underteikna, som advarte mot akkurat den situasjonen som kommunen har enda i.

Framstegspartiet var det einaste partiet som stod samla og stemte imot det som skjedde.

Det vi no ser, er resultatet av ein politikk fra eit fleirtal der FrP var det einaste partiet som røysta imot.

I underteikna sine auge, er saka ein skandale. Det som hindrer at dette skulle bli ei katastrofe, er dei tilsette ved legesenteret. Dei gjer kvar dag ein formidabel innsats for at dette skal henge sammen. Det er eg svært takksam for.

Så til spørsmåla fra Utgård og Kaland

1  Kva var kommunen sine utgifter ved legesenteret i 2022 ?

svar :  ca. 24 mill.

2  kva er den budsjetterte kommunale kostnaden ved legesenteret i 2023 ?

svar : ca. 19 mill.

3  kva kosta drifta ved legesenteret i gjennomsnitt pr. år dei siste fem åra før kommunen tok over ?

Svar : usikker på gjennomsnitt på fem siste åra, men dei to siste veit eg at det låg mellom 7 og 8 mill. og at ingen år var dyrare enn det.

4  Stemmer det at kommunen nå helst ser at dagens legar helst startar privat praksis ? Om så er tilfelle : står ikkje dette direkte i strid med tidlegare politiske føringar, der ein ville at legane skulle vere kommunalt tilsette ? Kvifor denne endringa ?

svar : Det stemmer, og det fordi det lønner seg for kommunen.

5  Har kostnadsøkninga ved drifta av legekontoret hatt betydning for det utgiftsbildet som no har utløyst en omorganisering og kostnadskutt i heile Sykkylven kommune ?

Svar : Ja, sjølvsagt.

6  og til slutt : Ser alle politiske parti heilt likt på situasjonen rundt legesenteret, og prosessen som har ført fram til dagens situasjon?

Svar : Framstegspartiet har som einaste parti stått samla, og stemt imot prosessen. Vi advarte også imot den situasjonen som kommunen no står i.