Sykkylven Arbeidarparti vil understreke kor viktig det er å re-etablere legekontoret til nye lokale. Leigeavtalen for legekontoret på gamle Klokksfabrikken går ut om ikkje alt for lenge og vi har no ein gyllen moglegheit til å få eit strategisk plassert legekontor i sentrum.

Som de alle veit, er det noverande legekontoret i Sykkylven fysisk dårleg tilpassa til å tene som eit legekontor. Det er trongt og utilstrekkeleg til å tilby moderne og effektive helsetenester. Det er heller ikkje verdig at ambulansetransport skjer rett utanfor hovudinngangen. Der ein må bruke paraply for å skjerme pasientane mot ver og vind. Det er på tide at vi tar grep for å forbetre situasjonen.

Arbeidarpartiet meine at første etasje i Uri-bygget er eit svært godt tilpassa lokale for eit legekontoret, eit bygg som også allereie er i kommunalt eige. Dette bygget er sentralt lokalisert, har god tilgjengelegheit, gode parkeringstilhøve, nærleik til apotek og buss. I Uri-bygget er det også mogleg med «drive in» for ambulansar og med god vern mot ver og vind for ambulansepasientar. Etter ei ombygging vil det difor vere mogleg å flytte direkte inn i det nye legekontoret utan at det vil gå utover drifta ved det gamle legekontoret på Klokksfabrikken. I tillegg kan eit nytt og moderne legekontor vere ein fordel når ein skal rekruttere nye og fleire fastlegar til kommunen, noko som er svært viktig for å sikre gode helsetenester til alle innbyggjarane i Sykkylven.

Arbeidarpartiet ynskjer å ta ansvar for å sikre at alle i Sykkylven har tilgjenge til gode helsetenester. Eit nytt legekontor i Uri-bygget vil kunne bidra til å gjere helsetenestene våre meir tilgjengelege og betre, noko som er viktig for oss alle. Vi vil derfor arbeide for å realisera dette prosjektet så snart som mogleg.