"Presis!" seier svenskane. Dermed slår dei bestemt fast at akkurat slik er det. Og "precis" skriv dei det, for å vere heilt… presis. Det gjeld altso å vere tydeleg og nøyaktig, og dei brukar ordet ganske ofte faktisk. Det veit eg, med nære slektningar busette i Sverige. Likevel vil eg verken påstå eller avsanne at den moderne svensken ikkje lir av same språksykja som her i landet, nemleg å snakke… liksom passeleg upresist. Og nettopp ordet "liksom" høyrer vi no brukt heile tida; ei litt vag og omtrentleg samanlikning, dempande og antydande – sjølvsagt tilsvarande det angloamerikanske "like". Til variasjon høyrer vi uttrykket "på ein måte" – tilsvarande "kind of". Soleis blir innhaldet i det ein seier litt ufarleggjort og avrunda; overlate til di eiga tolking av meining, synsing og eventuell bruksverdi.

Åja – slike munnhell er ikkje noko nytt, og mange av oss har våre eigne (u)vanar og variantar, som både pregar og kjenneteiknar praten vår. Eg sit iallfall i glashus og kastar stein no, i so måte. Når eg synest eg kanskje tek litt vel hardt i, kjem det gjerne eit slags atterhald i enden av setninga: "… hadde eg nær sagt." Og då må eg ofte tole å bli retta og mint på av mine næraste: "Du sa det med!"

Dei moderne og høgfrekvente munnhella nyttar folk mykje når dei blir direkte utfordra om meiningane sine. Det gjeld både ålmenta og offentlege personar i ansvarlege posisjonar, i formelle og uformelle situasjonar. T.d. politikarar passar gjerne på å gå rundt den berømte grauten utan å seie noko som brenner dei, verken der og då eller i ettertid. Typisk er det at mange uttalar seg med det romslege "eg tenkjer at…", heilt opp til statsministernivå. Ein går seg nemleg ikkje i skòrfeste av berre å skissere nokre tankar om eit tema.

So kan ein saktens lure på om det er dårleg ordforråd, manglande formuleringsevne eller noko anna som gjer at folk snakkar litt upresist … på ein måte – for det verkar… liksom naturleg og trygt for dei. Desse moderne munnhella er sjølvsagt mest brukte av dei yngre generasjonane, og det er helst der vi finn språkbruk som påverkar utvikling og gradvis endring av språket vårt. Høgfrekvent munnleg bruk av nyord og importord over tid fører til at Språkrådet tek orda opp til vurdering, og mange blir godkjende som normert norsk språk, kanskje med ein viss tilpassa skrivemåte.

Ein kan få inntrykk av at dei unge er fornøgde med å uttrykkje alt positivt som "kult" og "digg", mens alt negativt kan dekkjast av "kjipt" og "dølt". Du finn orda i oppdaterte, godkjende ordlister for begge skriftspråka våre. Men i parentes bakom finn du òg fleire forslag til vanlege, ekte, gode og velbrukte norske synonym, som kvar for seg har nyanserte tydingar til treffsikker, variert bruk – og endå fleire finst, om det trengst for å vere... "spot on". Du har valet.