Juni månad er fylt opp av PRIDE- bodskapen og regnboge markeringar i eit omfang du skal leite lenge etter å finne i andre sammenhengar. Bodskapen er for mange polariserande, grenseoverskridande og invaderer oss over alt.

Det er ei ensretting som nesten manglar sidestykke og det verste er tross alt at mykje av formidlinga ikkje ein gong er sann.

Menneskeverdet er slik at alle skal møtast med respekt og det omfattar sjølvsagt og skeive og ulike minoritetar. Vi har alle som mennesker same verdi og menneskeverd. Derfor er min oppfordring at alle skal møtast med respekt både i omtale og i handling.

Det er ofte brukt omgrepet kjønnsmangfold. Dette uttrykket er usant og er ei manipulering. Vi har to kjønn – mann og kvinne. Resten er variantar innafor desse to kjønna.

Vi har to typer kjønnsceller – sæd og eggceller. Ingen andre kjønnsceller eksisterer. Det eksisterer heller ikkje andre former for forplantning og det er slik slekta blir vidareført.

Vi er alle blitt til ved egg fra mor og sæd fra far. Mor-far-barn relasjonen er derfor unik og innhar ei særstilling.

Den «moderne» kjønnsideologien er uvitenskapeleg og det er uansvarleg å la barn- og unge få inneha subjektive kjensler som grunnlag for sjølvald kjønnsidentitet og diktere samfunnets lovgiving og skolen si forståing av kjønn.

Det å innføre flytande forståing av kjønn og seksualitet i barnehage /skole /politikk er ganske dramatisk og er eit samfunnseksperiment som ingen kjenner konsekvensen av.

Barn har ein naturgitt rett til å kjenne og vekse opp med sin mor og sin far så langt det er muleg. Verken mor eller far + begge slekter er overflødige eller irrelevante i våre liv.

Planlagt liv uten mor eller far er ikkje til barnas beste og er heller ikkje i tråd med barnas rettigheiter. Barneperspektivet MÅ trumfe voksnes ønsker og barn er ei gave og ingen rettigheit.

Ekteskapet er ingen sosial konstruksjon som det står samfunnet fritt å omdefinere i sin grunnstruktur. Ekteskapet er basert på kjønnspolariteten og biologiske realitetar som er ein føresetnad for unnfanginga, fødsel og barn sin oppvekst med mor og far.

Det er eit klart skille mellom tokjønna ekteskap og likekjønna samliv. Detter er realiteten og dreier seg ikkje om diskriminering. Dette er sakleg og godt grunngjeve og 164 av 193 land definerar ekteskapet slik.