Helse og omsorg

  • Utnytte betre ressursane gjennom førebygging, kvardagsrehabilitering og auka satsing på folkehelsearbeid

  • · Balansere bruk av heime- og institusjonsteneste

  • · Auka satsing innan rus- og psykiatri

  • · Auka innsats i demensomsorga

  • · Sikre gode barneverntenester

  • · Oppretthalde legekontora i Geiranger og på Hellesylt

Det digitale samfunnet

  • · Auke bruken av digital teknologi i alle kommunale tenester.

Oppvekst og kultur

  • Oppretthalde noverande skulestruktur

  • Oppretthalde full barnehagedekning

  • Sikre rammevilkår for dei vidaregåande skulane i kommunen, m.a. ved å støtte bygging av fleirbrukshall gjennom privat og offentleg samarbeid

  • Styrkje lærlingordninga i kommunen

  • Skape gode vilkår for frivillige organisasjonar, idrett og friluftsliv

Integrering og inkludering

  • Ha fokus på aktiv integrering av arbeidsinnvandrarar og flyktningar slik at dei trivst og buset seg i kommunen

  • Utarbeide lett tilgjengeleg fleirspråkleg informasjon om tenestetilbod, kultur- og fritidsaktivitetar

Stranda, ein kommune å vere stolt av

  • Vidareutvikle samarbeidet mellom kommunane i indre Storfjorden.

  • Gjere seg attraktiv i møte med potensielle tilflyttarar

Samferdsel, kommunikasjon og beredskap

  • Arbeide for

– ny veg over Strynefjellet, med arm til Geiranger

– FV 60 Røyrhus – Tomasgard

– Engeset – Hole, og bru over Storfjorden

– Børdalslinja

– Styrka kollektivtilbod.

  • Sikre heilårsferje til Geiranger

  • Ruste opp og halde ved like kommunale vegar

  • Vidareføre det førebyggjande arbeidet mellom det lokale politiet og innbyggjarane i kommunen, og ha eit synleg politi i heile kommunen

Næring og utvikling

  • Sikre tilgangen på elektrisk kraft i kommunen.

  • Støtte eit aktivt og utviklingsorientert landbruk i heile kommunen, mellom anna for å sikre råvaretilgangen til næringsmiddelindustrien

  • Leggje til rette for industriareal og attraktive bustadtomter i alle bygdelaga

  • Arbeide for å redusere skatt på arbeidande kapital for å sikre næringslivet vidare vekst i Stranda kommune

Reiseliv

  • Støtte opp om ei berekraftig, heilårs reiselivsnæring i kommunen

  • Satse på eit reiseliv som er basert på lokal kultur, mat og naturopplevingar

  • Innføre besøksbidrag som eit berande element i finansieringa av felles tiltak for reiselivsnæringa

  • Arbeide for at nullutsleppskravet i Geirangerfjorden må medføre kompenserande tiltak for å sikre inntektsgrunnlaget og busetnaden i bygdene

Miljø

  • Energiøkonomisering i alle kommunale bygg.

  • Vidareføre utskiftinga av eternittrør i drikkevassforsyninga

  • Sikre jordvern ved hjelp av gode arealplanar

  • Vere føregangskommune ved utvikling og bruk av hydrogen og andre miljøvennlege energikjelder

  • Utvikle og gjennomføre tiltak innan energi- og klimaplanen til kommunen