Det er 8 år sidan eit einstemmig kommunestyret vedtok legeplanen. Denne planen åpnar opp for å kunne tilby legane å bli kommunalt tilsette. Dette fordi ein allereie då fekk varsel om at færre og færre legar vil arbeide som sjølvstendig næringsdrivande.

Med blant anna dette som grunnlag blei det vedtatt å opprette eit kommunalt legesenter som kunne tilby fast kommunalt tilsetjing for legar. Planen var då at dette legesenteret skulle ta på seg kommunale oppgåver som t.d. lege ved helsestasjonen og sjukeheimen, og det skulle vere to fastlegar som starta med tomme pasientlister. Då kommunen blei tilbudt å kjøpe det eksisterande legesenteret vart kjøp vedtatt mot 2 stemmer (frå AP og V). Ein vart einig om kjøp med overtaking nokre år fram i tid.

Så der er vi no. At ting ikkje har gått slik ein ynskje er openbart. Men vi må ta inn over oss at vi står i ei nasjonal fastlegekrise, og sjølv om det blei tatt grep for å kome denne krisa i forkjøpet, har vi ikkje lukkast.

Å ha kommunalt tilsette legar er ikkje den billegaste måten å drive legetenester på, men det er slik dei aller fleste legar i dag vil ha det. Så grepet med å kunne tilby kommunal tilsetjing blei tatt for å trygge legetenestene i åra framover. For kommunen er det mest lønnsamt å ha legar som jobbar som sjølvstendig næringsdrivande, men når det er så få legar som faktisk vil vere sjølvstendig næringsdrivande, må vi kunne tilby fast kommunal tilsetjing i tillegg.

Å yte legetenester til innbyggarane er ei av dei aller viktigaste kommunale oppgåvene. Difor er det svært viktig at kommunen har god styring på denne tenesta, med gode og forutsigbare avtalar med fastlegane (både med kommunalt tilsette og dei som vil ha avtale som sjølvstendig næringsdrivande).

Det blir spurt om kostnadane ved legesenteret før og no. Om vi ser på budsjettet for 2023 så viser det oss dette:

  • Legesenter – 14,7 mill

  • Legevakt – 3,5 mill

  • Kommuneoverlege – 0,8 mill

Budsjettet tek høgde for ein har 8 fastlegar og 1 LIS-lege, og er difor ikkje direkte samanliknbart med tidlegare år.

Utgård og Kaland spør om kostnadsauke ved legesenteret har betydning for omorganiseringa ein no har satt i gang i kommunen. Det er ingen direkte samanheng her. Det er mykje som har endra seg sidan sist det blei tatt ei strukturell endring i kommunen. Vi har gått frå 5 kommunale barnehagar til 3, vi har hatt 4 kommunale barneskular og gjeng snart ned til 2, pasientar blir utskrivne frå sjukehus langt raskare enn før og kommunen må syte for at disse får rett oppfølging, og det har blitt tatt i bruk fleire digitale verktøy som endrar arbeidsprosessar og rutinar. I tillegg blir kommunen stadig pålagt nye oppgåver frå staten. Alt dette gjer at ein ser organiseringa ikkje lenger er optimal og at ein difor må tilpasse organisasjonen den nye kvardagen. Dette ville ha blitt gjort uavhengig av legesenteret, og er eit arbeid Høgre har arbeid for skal starte.

Om vi lettar blikket og ser framover, så vil Høgre fortsatt støtte arbeidet som no pågår med å få på plass fleire legar. Om legane vil vere kommunalt tilsette eller jobbe som sjølvstendig næringsdrivande, vil vere opp til legen sjølv. Dette er ei valfriheit vi i Høgre er opptatt av.